Før sommaren fekk vi vite at dei ville bli 11 elevar i guttungen sin klasse. Dette fordi resten hadde valgt bokmål. Det einaste som kunne skje med dette, ut ifrå det dei fortalte då, var at kanskje nokon kom til å bytte til nynorsk fordi då ville barnet få gå i ein mindre klasse.
I dag ringte søstera mi som er assistent på skulen og jobbar i SFO og fortalte at det var gjort store endringar... B-klassen (bokmålsklassen) var blitt delt i to (B og C), og C-klassen (som har bokmål som målform) skal gå i same klasse som A (nynorsk), og endar opp med å bli ein klasse på drøyt 20 elevar! Dei blir heldigvis delt i enkelte timar (spesielt norsktimane må nødvendigvis delast), men kor mykje veit eg ikkje.
Kjenner eg er litt sint og litt lei meg for at det ikkje blei slik som vi vart forespeila, på den andre sida så var "planen" nesten for god til å vere sann. Det blir i alle fall ingen roleg, liten klasse og mjuk start på skuletilværelsen...
Veldig glad for at søstera mi ringte og fortalde meg det då ho var ferdig på jobb i dag, så eg slapp å finne ut av det når eg leverer guttungen på første skuledag i morgon tidleg... Håpar berre den einaste han kjenner frå bhg framleis skal gå i same klasse som han.