Perfekt at det var ein plass å klage litt her også

Er i utgangspunktet superlykkeleg då eg har vore gjennom IVF-behandling og fekk positivt svar på testen i dag

MEN, i tillegg til den vanlige testen var eg på sjekk på sjukehuset då eg kjende meir og meir at eg er blitt overstimulert (etter at kroppen begynte på produsere hormon når eg vart gravid). Under testen kunne dei bekrefte og informere om at eggstokkane var over dobbel av vanleg størrelse og at eg er full av vatn

Det ser ut som om eg er rundt 7 mnd gravid, eg slit med å ete, å sove og eg kan ikkje trene... Dei sa det nok ikkje gjekk over før om "ein del veker".

Merkeleg følelse å vere lykkeleg og fortvila samstundes...