Ja, litt i overkant dette, med pandemi på toppen av det heile...
Litt ulike grunnar til at me har valgt OLGA, sjølv om det er meir krevande:
1. Har høyrt utruleg mykje bra om klinikken, dei er internasjonalt anerkjente med høg kompetanse.
2. Me har dårleg tid og me er slitne av å ha prøvd på nr.2 i over 2,5 år. Eg er 39, snart 40 og har låg AMH.
3. OLGA tilbyr pakker med babygaranti. I vårt tilfelle 4 IVF-forsøk med PGT-A. Viss ikkje dette resulterer i baby, får me pengane tilbake. Prisen er høgare enn i Norge, men då veit me at pengane ikkje er tapt om det ikkje går.
4. Dei tilbyr PGT-A, altså gentesting av embryo. Etter å ha opplevd MA i veke 8, mest sannsynleg fordi embryoet ikkje var friskt, vil eg gjerne gjera alt for å unngå at dette skjer fleire gonger. Dette er særleg gunstig for kvinner over 35, ettersom fleire embryo då vil ha kromosomfeil.
Ei heil liste med grunnar, altså... Spent og nervøs for korleis alt blir!!