Framleis saaakte hcg-stigning

TilPanama

Forelsket i forumet
Marshmallows 2022
Fekk svar på tredje hcg-måling no, tatt på måndag, ei veke etter første. Sist måndag var den 6622, torsdag forrige veke var den 6895. No måndag var verdien 7656. Blir heilt koko av dette. Eg ser jo at dette ikkje rimar med normalen, men det er jo trass alt ei stigning. Hadde vore så greit å få eit litt meir definitivt svar. Slik det er no, går eg enno med eit lite, men desperat håp.
Velvel, eg skal på UL i morgon, då får eg nok uansett dommen. I utg.p får ikkje manne vere med inn, men ho som ringde var forståelsesfull og foreslo sjølv at han skulle få bli med i ein slik situasjon. Det var godt å blir møtt med litt omtanke oppi dette, det har ikkje vore for mykje av det hittil.
 
Masse lykke til i morgen ❤ krysser fingre og tær for at du får gode nyheter!
 
Sniker

masse lykke til imorgen !
 
Masse lykke til i morgen! Godt det var litt takhøyde der du skal ta UL for at mannen kunne få være med :Heartred
 
Det var som frykta. Det vart konstatert tvillingar, men det var ikkje liv i nokon av dei. Skal inn til utskraping neste veke.
 
Back
Topp