Plutselig fruktbar

FruVims

Forelsket i forumet
Snøfnuggene 2018
Eg er 28 år og snart gift med min kjære som er 31 år. Saman har me ein son på 2 år som vart fødd ekstremprematur 25+3 i 2015. Eg har PCOS og før førstemann hadde eg aldri hatt menstruasjon naturleg og difor ikkje eggløysing heller. Me prøvde utan prevensjon eitt år før me fekk hjelp av ein privat gynekolog i Bergen. Då vart det rundar med diverse medikament, hormonar, diett, stimulering og til slutt eggløysingssprøyte, så måtte me gå heim og gjere siste innsatsen sjølv. Dette gjekk strålande og me vart gravid på fyrste eggløysing ever [emoji4]

Som fyrstegongsgravid var eg i full jobb i helsevesenet og følte meg i fin form. Hadde litt kynnarar, men ikkje noko som eg syntes var illevarslande. Ein dag kjente eg plutselig noko inni meg som følte som det var på veg ut, og eg kjente ein "pose" i skjeden som eg dytta tilbake. Då me kom på sjukehuset hadde eg 4cm opning og ingen rier. Dei gav meg lungemodningssprøyter og sat meg på riehemmande middel - noko som sat i gong riene. Då var det ingen veg tilbake og prematur fødsel var eit faktum.

Pga dette skal eg i dette svangerskapet ha ekstra oppfølging og eg er sjølv meir obs på kva kroppen gjer beskjed om.

Etter å ha gått gjennom alt dette for å bli gravid hadde me bestemt oss for å gå utan prevensjon i tilfelle, då me skal vera glad om me klarar å bli gravid sjølv, men såg for oss at me måtte ha hjelp neste gong. Difor kom det svært overraskande på oss då me testa positivt etter at eg var paranoid pga mange rundt meg spurte om eg var gravid. Med lang og ustabil syklus, der eg hadde mens i jula og neste gong 8. Mars, kom det som eit stort sjokk at eg testa positivt 20. Mai! Med sex 1 gong i april (fekk ånden over meg [emoji23]) var det nok eggløysing som var grunnen.

Så no er fokuset å ruge og håpe me klarar å bera det fram! Skal på ul 30. Juni for å få vite meir sikkert kor langt eg er på veg, men eg er nok om lag 10 veker no. Gler meg til å vite meir sikkert sånn at eg kan fylgje meir med på utviklinga og telje ned til milepælane [emoji4]
 
Herlig å være plutselig fruktbar! Det er jo kjempegøy. Nå håper jeg du oppdaterer her videre...! [emoji16]
 
Herlig å være plutselig fruktbar! Det er jo kjempegøy. Nå håper jeg du oppdaterer her videre...! [emoji16]
Hadde det berre skjedd ETTER bryllupet hadde timingen vore perfekt [emoji23] men er glad for å ha fungert [emoji173]
 
Kjenner eg er utålmodig etter å få vite kor langt eg er kome i svangerskapet. UL på fredag kan liksom ikkje kome fort nok! Nærme seg bryllup i tillegg, heldigvis er detaljane begynt å kome på plass [emoji7] andre prøvetime med hår oh makeup i morgon, og så skal me smake kake på ettermiddagen ein gong [emoji16]
I kveld er det styremøte med musikklaget, trur eg skal fortelle det til dei [emoji7]
 
I tillegg er eg veldig trøytt denne graviditeten. Litt tungvint når eg skal vera med sonen vår på 2 heile dagen [emoji28] gler meg til han byrjar i barnehagen i august, det skal bli godt [emoji4]
 
Masse lykke til i morgen :) Spennende :)
 
I dag er det ultralyd! Gler meg til å få vite kor langt eg er på veg, kandkje er eg rundt tolv veker? Er og spent på livmorhalsen og om eg er kandidat for arabin pessar eller carclage. Det verste er at eg er blitt smitta av vår forkjøla son, og neste helg er det bryllup! Om eg er tett bryllupsdagen kjem eg til å bruke nasespray - det er berre greitt [emoji23][emoji33] Har vore forkjøla av og på heile dette halvåret, men det passa sjølvsagt veldig dårleg no. Godt min kjære har siste arbeidsdag før ferie i dag og kan avlaste meg litt her heime [emoji4]
 
Lykke til på UL! [emoji1417] og good bedring!
 
Ultralyd viste ein liten baby på ca ti veker og livmorhals på over fire cm. Babyen sprella og legen meinte det var et fint barn *knis*. Det var ein teori om at eg hadde hatt ein infeksjon som førte til prematur fødsel sist og at det denne gong kunne bli normalt forløp. Det blir foreløpig ingen ekstra oppfølging, men kanskje noko ekstra i veke 22-23. [emoji4]
 
Så bra at alt så bra ut! Ingenting er bedre enn det [emoji2] og spesielt bra at det kunne bli normalt forløp denne gangen! [emoji7] glad på deres vegne!
 
Så bra at alt så bra ut! Ingenting er bedre enn det [emoji2] og spesielt bra at det kunne bli normalt forløp denne gangen! [emoji7] glad på deres vegne!
Ja, var glad for at livmorhalsen var lang og at det kan gå normalt denne gongen! Men tar sjølvsagt mine forhåndsregler mtp løft og kva arbeid eg tar på meg å gjere [emoji4]her skal det ruges! [emoji23] [emoji173]
 
I tillegg er eg veldig trøytt denne graviditeten. Litt tungvint når eg skal vera med sonen vår på 2 heile dagen [emoji28] gler meg til han byrjar i barnehagen i august, det skal bli godt [emoji4]

Kjenner igjen dette, bare at sønnen vår er 14 mnd. Blir veldig greit med barnehagestart :p
 
Oisann. For en historie. Godt at det ikke er noe som tilsier at du skal føde like tidlig denne gangen. Og at legene er obs på det.
 
16+3:
Har vore til legen i dag for å få ny henvisning til OUL då det ikkje er kome noko time i posten enno. Fekk målt BT som var bra, og snakka om bekymringane mine om prikking i hender og føtter. Er litt redd for å utvikle karpal tunnel-syndrom, då eg byrjar att i arbeid neste mandag og vil jobbe lengst mogleg mot termin (som no er satt til 29.01 ifylgje bv-appen), men legen meinte det kunne kome av at eg er blitt litt hoven i hendene pgs graviditeten. I morgon skal me byrje med barnehagetilvenning med toåringen, satsar på at det skal gå fint.
Formen min er grei sålangt, er noko trøytt og kjenner det litt i bekkenet etter ein aktiv dag. Gler meg til å få jobbe meir på dagtid og få full lønn neste mnd [emoji16] eg er eit karrierenemenneske og ser fram til å få nokre timar som meg sjølv mens han er i bhg. Så blir gjensynsgleda enno større [emoji16][emoji173]

Trudde eg kjente ein bevegelse veke 15, men har ikkje kjent noko igjen. Har lagt på meg ca 6-7 kg (ein del er smågodt og overgangen frå lavkarbo til høgkarbo), og no har eg flytta inn i nokre gravidbukser som eg kjøpte på HM på fredag [emoji4]
 
Er ofte vanlig å kjenne litt prikking pga vannet i kroppen. Så vi får håpe du klarer å holde deg i jobb lenge:)

Deilig med barnehage oppstart. Blir nok godt for både liten og stor. Litt voksen tid for seg selv er magisk ;) Lykke til på jobb på mandag:)
 
Er ofte vanlig å kjenne litt prikking pga vannet i kroppen. Så vi får håpe du klarer å holde deg i jobb lenge:)

Deilig med barnehage oppstart. Blir nok godt for både liten og stor. Litt voksen tid for seg selv er magisk ;) Lykke til på jobb på mandag:)
Takk for det [emoji16]
 
Back
Topp