Arin 1 år ❤️

EJ

❤️ Februar 14's Miss Gravid ❤️
Februar 2014 - Skjult forum
VIP
♡ Maibarna ♡
Så rart å tenkja tilbake! For eit år sia låg eg no på føden med beina i været og ein lege oppi glufsa som gjorde alt ho kunne for at den skulle bli velfungerande igjen. Hugsa at dette var noko av det værste eg hadde vore med på, det var så vondt! Ho beklagde seg fleire gonger, men samtidig sa ho at om ho gjorde jobben riktig, ville eg elska ho om eit år... Året er gått, og er litt usikker på om eg elskar ho - er jo tross alt gravid igjen :P

Smerten var lokal, og tankane var ikkje spesielt til stede. Dei var med Jr som som mest sannsynleg var kommen opp på intensiven. Eg veit ikkje heilt, men reknar med det. Han var ikkje aleine. Gubben var med han, samt ein heil haug med legar og barnepleiarar.
Kl gjekk og gjekk, og det føltest ut som evighetar! Først når kl nærma seg 03 kom gubben tilbake. Hadde tatt mange bilder som eg fekk sjå. Ein nydeleg stor klump på 4407 gram og 52 cm. Hadde fått ein grønn smokk, ei gul (trur eg) lue som passa på intravenøs-ledningen(?) som var satt oppi hovudet ❤️ Mitt hjerte ❤️
Eg fekk lov å ta beina ned og ei JM kom inn med litt mat og drikke. Hugsar så godt eg hadde gleda meg til eple juice og til min store skrekk var det champagne brus i glasset! :o Den "feilen" retta dei fort oppi ;)
No, no kunne eg vel få sjå guten min?! Nei, no skulle eg på do også måtte eg i dusjen. Detta med do vart ein utfordring slik at dei måtte hjalpe meg. Det samma med dusjen, klarte ikkje å stå. Hugsar godt den følelsen av å måtte sette meg blaut oppi ei seng - hatar å ikkje få tørke meg godt etter ein dusj. Før eg viste orde av det, var kl blitt 06!! :o OG endeleg min tur til å sjå mitt nydelige barn ❤️ Den turen i rullestol var nok den lengste turen eg har vore med på! Var så spent og viste ikkje kor eg skulle gjera av meg.
Så stoppar me utfor eit rom og ein barnepleiarar kjem ut og spør om eg vil helsa på sønnen min. Eg byrjar med ein gong å stri grine og klarte å presse fram eit JA. Kom inn i rommet, og der låg han. Oppi senga si, roleg og fredelig. Einaste teikn på liv var sutten som vart sugd på iherdig :) Eg satte meg oppi ein anna stol og dei løfta han over til meg. For ein uvirkeleg følelse! Tårene rant og eg klarte ikkje å ta augene vekk frå han.
Etter ei stund spør BP om eg vil prøva å gi han mat. Me prøvde, men han var ganske sliten. Så eg fekk ei pumpe og satt der i 20 min og fekk ut 10 ml med mm, som BP lærte meg å gi i kopp.

Etter 1,5 time med Småen var eg heilt ferdig og vart ført tilbake på rommet. Så lenge alt såg bra ut, skulle han få vera med meg på dagtid og natta på intensiven.
Fekk ikkje så mykje søvn den morgoen, trur det var to timar før eg satt der, våken som ei sol og venta spent på å få sjå han igjen ❤️

Gratulera så masse med dagen guten min ❤️ Mamma elskar deg over alt på jord ❤️ Kan ikkje tenka meg eit liv uten deg, viste ikkje at det gjekk an å elska nokon så høgt som eg elskar deg ❤️
 
Last edited:
Gratulerer såå masse til Arin-sola vår! :D ♥♥
 
  • Liker
Reactions: EJ
Gratulerer så mye med dagen =)
 
  • Liker
Reactions: EJ
Skulle tro jeg var gravid igjen så følsom jeg er for å lese sånt! :p Kjenner meg godt igjen i det å ikke kunne få se babyen fort nok.

Gratulerer med dagen Arin! :)
Tenk at han er blitt så stor allerede, men allikevel ennå er så liten...og snart er han storebror alt :)
 
  • Liker
Reactions: EJ
Gratulerer så mye med dagen til Arin! ❤️
 
  • Liker
Reactions: EJ
Henger meg på Lutz her, tårene presser på. <3

Gratulerer så mye med dagen til Arin! :) :)
 
  • Liker
Reactions: EJ
Skulle tro jeg var gravid igjen så følsom jeg er for å lese sånt! :p Kjenner meg godt igjen i det å ikke kunne få se babyen fort nok.

Gratulerer med dagen Arin! :)
Tenk at han er blitt så stor allerede, men allikevel ennå er så liten...og snart er han storebror alt :)
Henger meg på Lutz her, tårene presser på. <3

Gratulerer så mye med dagen til Arin! :) :)

Eg har måtte gi tapt for tårene fleire gonger allerede :P Også i natt når eg skreiv det :P
 
Så rørende lesning:Heartred gratulerer så mye med "stor"gutt:Heartblue
 
  • Liker
Reactions: EJ
Gratulerer med 1åring i huset :)
 
  • Liker
Reactions: EJ
Gratulerer så masse med dagen Arin! ❤️
 
  • Liker
Reactions: EJ
Gratulerer såååååå masse <3
 
  • Liker
Reactions: EJ
Gratulerer med og til ettåringen =)
 
  • Liker
Reactions: EJ
Back
Topp