"Utløpsdato"

Fru.Vestavind

Glad i forumet
Vel lille magebuar, til di opplysning kan eg informere om at "best før" datoen min er i dag, så om plassen skulle bli trang, bevegelsesfriheita mindre og om mjølka skulle smake litt surt når du velger å kome til verda, så kan du berre la vere å klage, sjølv om det fortsatt er litt tid igjen til "siste forbruksdag". For når du sat i gong mjølkeproduksjonen såpass tidleg som du gjor og likar å strekke det ut mest muleg, ja så er det ikkje alltid siste datoen er den beste;)

Hehe:P

Termin i dag! *wihoo!*
Ikkje at det er så veldig stort i grunn, eg er heilt og fult innstilt på den 28.
Dagen i dag har gått med til byvanding (uff! Aldri igjen seier no berre eg). Hadde eg vore aleine om å bestemme, hadde det blitt vesentleg mindre gåing og tidlegare heimreise. Men,men hadde det no både kjekt og hyggeleg, sjølv om eg vart litt i overkant sleta:)
(Samt at eg fikk handla inn ikkje mindre enn 3 typar spekepølser, som eg gledar meg til å snart kunne opne og ete med god samvittigheit;) ).
Ingen teikn på fødsel her i huset, men fytti...eg kjenner gåinga for å seie det sånn. Har og hatt litt nedpress under spasseringa, så håpar ungen ligg djupt og fint i bekkenet til fødselen startar;) Ein del kynnerar og, men det er ikkje så rart, etter å ha vore såpass "aktiv".

3dagar igjen no...og går eg over det, så er det mulig eg blir litt lei:P
For no har eg ei avtale med både blære, ribbein, lunger, magesekk og rygg om at dei skal få betre levekår snart. Håpar berre ungen tar det til seg, så det ikkje blir nokon skriftelege klager på han;P

Håpar alle har hatt ein fin dag!:)
 
Back
Topp