TiraV

TiraV

Gift med forumet
Min opplevelse av egguthenting: (er litt spesielt, og ikkje anbefalt å lese om du er nervøs for egguthenting)
 
Høgre side gjekk heilt fint. Låg å kikka på skjermen og syns i grunn det var ganske spennende. Hadde og mest eggposer på høgre side. På venstre side derimot var det noko heilt anna.

Det var å gale, at eg fekk ikkje med meg at mannen måtte legge seg på gulvet, han vart så blek at dei vart bekymra for at han skulle besvime. [&:]  Eg låg med augene lukka og pusta heilt konsentrert om å puste, inn gjennom nasen og blåse ut gjennom munnen. Når dei endelig var ferdige, var eg så svimmel at eg måtte ligge litt før eg klarte sette meg opp. Så kom tårene, dei berre fossa ned ansiktet mitt! Då var eg heilt utkjørt.

Sykesøster tilbød å hente seng til meg og trille meg inn, men eg liker ikkje å være hjelpesløs, så ho støtta meg i staden. Pluss at eg klarte ikkje få fram eit ord gjennom alle tårene. Me vart verande på sjukehuset fleire timer etter inngrepet. Låg på senga og sløva, orka ikkje noko anna.

Eg hadde og VELDIG vondt resten av dagen, vondt å gå, sitte og generelt bevege på seg. Verkte og mange dager etter, men det er pga overstimuleringa. Trur det er vanlig at det går fort over.

Eg er glad det vart så mange gode egg, for eg må heilt ærlig sei, at eg veit ikkje om eg er villig til å risikere å gå igjennom det igjen.

Men som sagt, dette er eit litt spesielt tilfelle!!
 
e såååååååååååå glad for at eg ikke leste dette før eg skulle ta ut eggene mine[&:] 
 
Back
Topp