Gravlegging

Hulder

Forumet er livet
August 2018
Vårspirene 2021
Hadde idag medisinsk abort etter MA, fosteret var 9 veker når det døde. Kom ut heilt intakt, sjukehus-prosedyrer seier at når dei får såpass utvikla foster skal dette enten sendast til minnelund eller så kan foreldra bestemme om dei vil sette det ned i td ei familiegrav. Med i så tilfelle må det involverast begravelsesbyrå ifb med transport og nedsetting..

Vi hadde egentlig håpt vi fekk ta det med oss heim og gravlegge det ei stad vi valgte sjølv (familie-eigendom), ikkje viktig for oss at det er i vigsla jord. Om det finst ein Gud trur eg ikkje han synst noko jord er meir hellig enn anna..

Nokon andre som har erfaring rundt dette? Vi bør egentlig bestemme oss til imorra. Bittelillen ligg no i "forvaring" på sjukehuset..
 
Er det ikke lov å ta det ned hjem?

Iogmed at det skjer på sjukehuset så er det vist litt reglar knytt opp til handteringa av fosteret. Men synst det er litt rart mtp alle som tek abort heime, der det ikkje er noko oppfølging. Synst det det var mildt sagt trasig å gå ifra det der på sjukehuset..

Etter å ha tenkt litt trur eg vi vel å gravlegge det ilag med mi oldemor. Ho mista også eit ufødt barn. Treng å ha ein konkret plass å gå til, ikkje berre eit umerka felt. Ein plass å plante ein liten blome og tenne eit lys..:Heartred
 
Snakka med presten idag. Vi treng ikkje involvere begravelsesbyrå om vi ikkje vil. Kan avtalast mellom oss og den gravplassen vi ønsker å bruke. Når dagen kjem hentar vi eller kyrkjeverga lisje frøet på sjukehuset. Blir lagt i ei lita kiste der. Presten sa også at han kunne vere delaktig om vi ønskte det, men vi kjenner ikkje behov for det slik som ting er no. Vil berre vere tilstades når det skjer..blir fint å ha ein plass å gå til, og å vite at bittelillen er på ein trygg, kjent stad..:Heartred
 
Ville bare sende dere en god klem og min dypeste medfølelse [emoji173] Så flott at dere får gjøre det på denne måten. [emoji254] Aldri glemt!
 
Takk :Heartred Kjem aldri til å gløyme det vesle desemberfrøet. Og ser fram til å tenne lys på grava til bittelillen og tippoldeforeldra i adventstida..om livet vil det sånn, kanskje eg har ein ny liten spire som veks fram under hjartet då :Heartred
 
Last edited:
Takk [emoji813]red Kjem aldri til å gløyme det vesle desemberfrøet. Og ser fram til å tenne lys på grava til bittelillen og tippoldeforeldra i adventstida..om livet vil det sånn, kanskje eg har eit nytt lite liv som veks fram under hjartet då [emoji813]red
Vi mistet vårt lille desemberfrø vi også denne uka [emoji174] Håper også på at det er et nytt lite liv hos oss når adventstiden kommer. Vi vil heller aldri glemme[emoji173]
 
Vi mistet vårt lille desemberfrø vi også denne uka [emoji174] Håper også på at det er et nytt lite liv hos oss når adventstiden kommer. Vi vil heller aldri glemme[emoji173]

Tøffe tak det her, rart kva livet kan gje deg..

Sjølv om vi "berre" var 10 veker så var det virkelig eit bitte-bitte lite menneske som var innom oss. Med auge, munn og to ørsmå hender som låg så fint over brystet..derfor kjennes det godt å gje ho ein plass å høyre til.

Håpar vi snart får lov til å passe på eit nytt liv. Og at det får vere hos oss lenge, lenge, lenge..:happy:
 
Tøffe tak det her, rart kva livet kan gje deg..

Sjølv om vi "berre" var 10 veker så var det virkelig eit bitte-bitte lite menneske som var innom oss. Med auge, munn og to ørsmå hender som låg så fint over brystet..derfor kjennes det godt å gje ho ein plass å høyre til.

Håpar vi snart får lov til å passe på eit nytt liv. Og at det får vere hos oss lenge, lenge, lenge..:happy:
Absolutt... Livet er så fantastisk, sårt, vidunderlig og trist på samme tid. Et bittelite menneske blir til så underlig raskt og et lite hjerte slår etter allerede 3 uker. Jeg er så glad for at dere får et sted å gå til - det er riktig for dere og vi ville gjort det samme om vi hadde kunnet [emoji177]
 
...krysser fingrene for at både dere og vi er heldige og snart får et nytt, lite hjerte å glede oss over[emoji173]
 
Skjønner behovet ditt for å ha et konkret sted å gå til. Så fint at dere kan få den muligheten når det gikk som det gjorde.
 
Det var veldig trist å høre du har vært igjennom en MA i dag. Sender deg en god klem. :Heartred
 
Back
Topp