Beste kjøp:
*Maxi cosi med base. Har du eigen bil og drar hyppig på tur så vil du ha det. Er berre komlete utan. Mannen er kjempefornøgd med det han også.:-D
*bilstolposen. Syns det er bra at han kan sitte sikkert utan å fryse. Med for mykje klede mellom sele og baby kan det jo føre til for dårleg sikring.
*vognposen. Har dessverre ikkje brukt den og vogna så mykje, men er heilt deilig å berre kunne putte nedi i berre body og strømpebukse.
Dårlegste kjøp/unødvendige ting:
*cozy fix ammepute. Den er god, men passa ikkje for meg. Eg kjøpte den nok litt for seint. Hadde nok vore best frå byrjinga av. Dessutan hadde eg ein gulpebaby som konstant måtte gulpast og rapast og då kom den berre i vegen.
*kjeledress til baby. Mamma var så gira på å kjøpa det til baby, så fekk av ho. Hadde kanskje brukt den om den var større, men babyen min vokste ut av den før den kom i bruk. Var så dum at eg klippa lappen av før eg tok den i bruk. Kom meg ikkje ut på tur tids nok på grunn av det eine drittveret etter det andre.
*alle varme og fine klede. Med bilstol med bilstolpose og vognpose blei alle varme kleda unødvendig! ..inkludert fine, varme heimastrikka genserar..:-/ er ikkje kaldt nok i veret her, og eg likar å ha det varmt inne.