Ønske om eit barn til !

Mirakelmamma89

Første møte med forumet
Hei !
Eg er ny her inne så veit ikkje heilt korleis alt dette fungerer her

Men eg kan kanskje starte med å fortelle litt om mi historie. Eg er mamma til eit lite mirakel som vart til mot alle odds ❤️ Eg har pcos, og mannen min har lav (få svømmere) sædkvalitet.

Gynekologen meinte at den einaste sjansen vi hadde for å bli foreldre var IVF behandling. Men etter 4 år med prøving vart eg gravid, men lykken var kortvarig!

Ei veke etter eg fant ut at eg var gravid vart eg sendt i hu og hast med ambulase på akutten då det viste seg at eg var gravid utenfor livmora og egglederen hadde sprukket. Når eg ankom akutten hadde eg allerede blødd over 4 liter blod ut i bukhola. Så eg vart hasteoperert i håp om at dei skulle klare å redde meg, for det var så alvorlig at det sto om minutter Eg skulle egentlig vert dø fortalte kirurgene meg etter operasjonen! Det var bare tilfeldigheter som gjer at eg lever den dag i dag! Dei var tilfeldigvis to kirurger på vakt den dagen, skadeomfanget var så stort og alvorlig at hadde det bare vert ein kirurg på vakt hadde ikkje han klart å redde livet mitt kunne dei fortelle meg.

Eg måtte fjerne egglederen som hadde sprukket og frøet vart såklart fjernet

På etterkontrollen fekk eg beskjed om at no var sjansene mine for å bli gravid uten ivf lik null. Hadde ei stor cyste på fungerende eggleder ! Vi vart knust men sa ja til å bli satt på venteliste for ivf.

1 år seinare lyste plutselig g.testen svaaaaakt positiv, eg trudde den var falsk positiv men neida testane vart sterkare og sterkare ❤️ eg var mot alle odds gravid igjen, lykke og frykt !

Denne gangen gjekk alt bra Og i desember 2015 kom verdens finaste julegave til verden

No e mirakelet vårt blitt 2 1/2 år

Så desember i fjor bestemte vi oss for å begynde å prøve på nr 2, men håpet for at vi skal lykkes e svakt Vil så gjerne gi sønnen vår ei syste eller ein bror, men sjansene våre er lik null.

Så no har eg så mangen tanker og følelser...

Er det andre her inne som har slitt med å få første som har fått ein til ? ❤️

Eller som e i samme situasjon som oss, som vil snakke ?
 
Har ingen erfaringer å komme, men jeg ønsker deg lykke til på veien og håper at dere får deres ønskede barn nr 2 :Heartred
 
Back
Topp