Vi skal til Legoland i påsken, og eg er så veldig usikker på om eg skal ta med vogn til lille eller ikkje. Ho er fem år og har noko problem med musklar og ledd (hypermobil med svak muskulatur), blir fort sliten og kan få smerter i føttene f.eks. etter tur i barnehagen.
Var hos fysio på torsdag og ho ville gjerne vi skulle unngå vogn, og heller ta hyppige benkpausar ("Men det e jo lett for meg å si", som ho sa.). Lille klarte å gå til barnehagen her for eit par veker sidan, men då med 4-5 små pausar der ho sette seg på huk for å avlaste beina litt. Dette er ein strekning på 1 km. Brukte 30 min på turen.
Eg kjenner eg har lyst til å ha med vogna, men er usikker på om eg bør. Ja, ho treng treninga, men i verste fall kan eg ende opp med å måtte bære ho, eller vi blir sittande på ein benk. Vi har og ein storebror med asperger syndrom, og for hans del bør det vere minst mulig "ekstra styr" med lillesøster. Det å reise på ferie er i seg sjølv vanskeleg nok for han, sjølv om han gler seg.
Ville dokker terpa på treninga dei to dagane i Legoland, eller ville dokker tatt med vogn og heller trent heime under normale omstendigheter?
Eg har forresten ikkje vore i Legoland før, så eg veit ikkje kor mykje trasking det vil bli. Kanskje nokon som har vore der kan dele litt erfaringar?