Svar på tråd

Hei Hilde, så fint å høyra frå deg igjen, men så utruleg leit at dette ikkje gjekk vegen… Eg hadde også alltid få egg ut, men me var utruleg heldige med at dei fann gullegget hos OLGA-klinikken i St. Petersburg. ❤️❤️❤️ På uttaket som klaffa fekk eg ut kun tre egg, der to egg var modne. Desse to blei befrukta og det eine klarte seg til dag fem og klarte også utruleg nok gentesten. Og det blei altså til lillesøster som no er tre veker, aldeles fantastisk!!! I kva land er det du får behandling? Hos OLGA har dei garantipakker der ein får tilbake pengane om det ikkje blir baby (om ein kvalifiserer for desse). Eg og mannen fekk garantipakke med eigne egg hos dei der fire forsøk inngjekk. Dei meinte altså at me skulle klara det i løpet av fire forsøk hos dei. Og dei hadde jo rett. Viss det ikkje hadde gått i løpet av dei fire forsøka, hadde me fått tilbake pengane og neste steg hadde vore eggdonasjon for oss også. Men det er jo definitivt ein prosess for å koma dit. Har de tenkt meir på vegen vidare? Håpar du vil halda oss oppdaterte, slik at me kan heia deg fram til målet!!! Og då er det jo fint å få oppdatert infoen din på framsida her også etter kvart. :) Sender styrkeklemmar til deg!


Back
Topp