Svar på tråd

Hei alle fine damer her, mykje som skjer på min front - evig pendling mellom håp og fortvilelse...! :hungover: Hadde ein fin samtale med legen vår hos OLGA på lørdag, som var beroligande med tanke på vegen vidare. Har jo vore redd for at dei skal sei at eg ikkje kan bli gravid igjen pga hjertet... Men legen var no tydeleg på at ho håpar og trur at me kan gjera innsett i april, men at i verste fall så må dette utsettast om kardiologen i STP ikkje gir grønt lys for innsett, men meiner at eg må ha meir behandling av hjerte/mage først.


Me planlegg no for innsett 13. april på klinikken i St. Petersburg... Iiiik! Det er vårt store mål. :smiley-angelic001:smiley-angelic001:smiley-angelic001


Eg bestilte jo først gastroskopi privat for å få fortgang, men fekk plutseleg melding frå den offentlege klinikken om at eg kunne få framskynda timen der til denne veka, så no blir det gastroskopi i det offentlege likevel. :hilarious: Godt med alle pengar som kan sparast i dette gamet...! Nervøs for dette, ser veldig fram til å ha dette overstått.


I dag har eg hatt full gjennomgang av ny behandlingsplan med min sjukepleiar, skal altså først gjera Training Cycle og så Embryo Transfer Cycle (håpar me!!). Må jo ha styrt syklus når det er planlagt fryseforsøk i utlandet, så det blir mykje medisinar og hos OLGA må eg fortsetta med desse heilt til veke 12 om eg blir gravid - både østrogen og progesteron. Blir eit hardkjør på kroppen framover, i tillegg til hjertemedisin, gastroskopi og etter kvart også ny monitorering av hjertet. :dead: Skal gjera mitt beste for å ta godt vare på den...


Så no er eg i gang med Progynova (østrogen) og Aspirin (blodfortynnande), har aldri tatt Progynova før, men har høyrt at den kan vera kjip... Kryssar fingrane for at det går OK!


Prøver å fokusera på eit lite musesteg og ein dag om gongen, men det er søren meg ikkje lett. Håpar sånn at 13. april blir den store dagen då me får satt inn vår kjære blasto!! ❤️


Back
Topp