Svar på tråd

Åh, så leit, kjære Lura! Er dei heilt sikre på at den på høgre side er ei cyste? Kor stor var follikelen og kor stor var den dei trur er ei cyste? Eg har vore i samme situasjon som deg to gonger før, det er heilt jævlig. :( Den første gongen valgte me inseminasjon som ikkje førte til nokon ting. Den andre gongen kjente me oss litt pressa til å gjera uttak med kun eitt egg, fordi dei ville ha oss vidare i 3-pakken me hadde kjøpt. Egget blei ikkje befrukta og forsøket blei avbrutt, som var grusomt. Dette har irritert meg litt i ettertid, heile greia. Men det er jo lett å vera etterpåklok! No denne runden hos OLGA fekk me jo ut 3 egg, men kun 2 modne og begge desse blei befrukta og me fekk ein blastocyst av topp kvalitet. Så det er så frykteleg vanskeleg å sei kva som er rett å gjera... Har de 3-pakke hos Hausken, eller enkelt forsøk? Sender mange styrkeklemmar!! ❤️


Back
Topp