kattekvinna - lagt ut 11.mai.2010
Det heile starta natt til søndag 2.mai. Våkna i 3tida av uregelmessige tak i ryggen, og eg blei dødsgira og sto opp. Hadde småvondt heile natta, og smertene spredde seg fram i magen og nedover låra. Skjønte at ting var på gang
Søndagen kom, med min lillebrors konfirmasjon. Kjæresten min meinte vi skulle bli heime så eg fikk slappe av før det satte i gang, men eg var så gira at eg fant ut vi var nødt å få dagen til å gå.
Konfirmasjonen kom og gikk, hadde uregelmessige rier heile dagen.. Sa ingenting til noken i familien, ville at det skulle vere lillebrors dag. (Har i ettertid fått beskjed fra både mamma og bestemor at dei såg det på meg. Eg hadde visst nok fått "fødefjes". Så på alle konfirmasjonsbildene ser eg ut som ein oppblåst torsk, med verdens største nase.. Jaja!)
Vi reiste heim i 7 tia og la oss på sofaen, håpte på litt søvn. Men no tok smertene seg opp, og dei var regelmessige. Ca ti minutt mellom kvar. Eg sa til kjæresten min at det kom til å skje i løpet av natta. Vi såg film og eg prøvde å sove, men var rett og slett for gira! Tanken på å snaaart få møte jenta mi var mykje viktigare enn søvn. i 23-tia fikk eg overtalt min kjære til å gå og legge seg litt, og han tusla opp, med verdens mest bekymra blikk. eg satt på sofaen og tok fram rieteller. det var no mellom 7 og 10 minutt i mellom riene, og dei varte rundt minuttet. Det begynte å no å gjere ganske vondt, og det begynte å demre for meg kva slags smerter eg snart skulle gjennom...
Kjæresten min kom tuslende ned igjen i 1tia, han fikk ikkje sove, berre låg og hørte på at eg trava omkring nede i stua. Vi ringte føden i halv2 tia, ho anbefalte meg å holde ut heime så lenge som mulig.. Klokka halv 4 hadde eg ikkje sjans meir, og vi satte oss i bilen. Riene var no ganske intense - og eg vrei meg i setet. PYTON å måtte sitte når riene kom!
På føden blei eg sjekka, hadde 2-3 cm åpning. Jordmora meinte det kom til å ta tid... Eg trava rundt på rommet og pusta meg gjennom riene, som berre blei vondere og vondere. Kommanderte kjæresten min til å sove i en fryktetlig stol som sto der, men følte på meg at eg kom til å trenge han meir seinere. i 6tida fikk eg prøve lystgass, det hjalp meg å finne riktig pusterytme. Men etter å ha brukt gassen gjennom trefire rier spydde eg, så eg hang den fra meg.
Så var det vaktskifte, og verdens kosligaste jordmor og jordmorstudent kom inn til oss. Dei sjekka meg, no var det fire cm åpning. Dei meinte eg burde prøve badekar og preikestol, eg sa eg skulle tenke på det. Kjæresten min gikk for å flytte bilen, og jordmødrene forsvant til eit anna rom. Eg låg aleine da den lengste ria satte inn. Den varte UTEN STOPP i 43 minutt. Då trudde eg at eg skulle bli sinnsjuk. Kjæresten min kom opp igjen mens eg låg der aleine, han blei heilt i fra seg for at eg hadde liggi aleine. Han var ved mi side resten av dagen
Gikk med på å prøve badekar, og låg der i halvanna time ( eg trudde eg låg der i 10 min, men det var tydeligvis feil). Riene var nå hinsides vonde, og eg sa for første gang at: Eg KLARER IKKJE MEIR!!!!!!!!! Då eg kom opp igjen sjekka dei meg, og eg hadde 9 cm åpning. Det skjedde på under to timer, og jordmødrene sa at no skulle eg snart få begynne å presse. Men den siste cm var treeeig, og riene mine var ikkje effektive nok. Dei tok vatnet, tømte blæra mi, men fremdeles skjedde det ingenting. Eg begynte å få pressrier - og himmel så gruuusomt det var å ikkje få presse! Trudde eg skulle eksplodere....
Litt over klokka 12 fikk eg lov å begynne å presse forsiktig. Eg prøvde preikestol, pilatesball, ligge sidelengs, men den siste cm var seig å få til. Dei satte elektrode på hodet til lillemor, og sa at ho kom stadig lenger ned....
Smertene var no heilt hinsides, og eg følte at eg kom til å stryke med av heile greiene. Ingenting skjedde, og eg var så bekymra for lillejenta i magen. Kjæresten min sto ved mi side, ga meg kalde kluter, holdt meg i handa, masserte meg og var berre verdens beste. Hadde han ikkje vært der hadde eg gitt opp, men han var heilt fantastisk!!!
Tida gikk og ingenting skjedde. Eg var så sliten så sliten. Jordmødrene bestemte seg for å sette drypp, for å gjere riene meir effektive. Dette funka ganske kjapt, og eg kjente at det sprengte ALVORLIG på nedentil. Dei sa at dei såg mørkt hår, og at dette gikk vegen. Så mista dei kontakten med hjertelyden til lillejenta.. Eg såg på ansikta deira at dei var bekymra og stressa. Eg fikk ikkje med meg så masse, men kjæresten min har gjenfortalt i ettertid... Riene stoppa fullstendig opp, og dei eine jordmora sprang av gårde for å rådføre seg med barnelege. Da kom den sterkeste ria eg noken gang har kjent, og eg pressa og pressa og pressa. Jordmorstudenten jubla og sa at no er hodet ute!!!!! Da kom det jordmødre, leger, barnepleier og heil bøtteballetten veltande inn på rommet. Riene var vekk igjen, så barnelegen trykte på magen, mens ei jordmor drog i skuldra til lillejenta. Dei fikk ho ut, og forsvant ut av rommet før eg rakk å registrere noke som helst. Min kjære var likbleik og eg spurte "ka som skjer, kor er ho, pusta ho?!?!?! " Etter det som føltes som en heil evighet kom det en barnepleier inn og sa at alt sto bra til, dei skulle berre sjekke ho litt ekstra, men ho pusta og skreik og hadde det bra. DA knakk vi sammen begge to - grein og grein og grein. Var så vanvittig letta over at det endelig var over, og eg sendte kjæresten min ut for å sjå ho. Han kom grinande og smilande tilbake og sa: " Ho er ei lita Hedda!"
Fikk ho endelig på brystet rett etter dette - og det var eit magisk øyeblikk då ho såg på meg med stoooooore, mørkeblå auger. Ho var så nyyydelig!! Morskjærligheten slo meg nesten i bakken, og eg måtte grine litt meir:) Så fikk pappa ha ho litt på brystet, fiiiningane mine
Mandag 3. mai klokka 14.15 kom vesle Hedda til verden, 4120 g og 53 cm lang. Heilt perfekt
Vi var på barsel fram til torsdag, då fikk vi reise heim. Siden den gang har vi vært på to vektkontroller, fordi ho gikk ned litt masse i vekt i starten. Men no har ho lagt godt på seg, og er oppe i fødselsvekt igjen. Ho ete, søve, bæsja og sjarmera.
Fødselen var grusom, og eg kan ikkje sei at eg ser fram til å eventuelt gjere det igjen. Satser på at minnene bleikner - og at det er lettere andre gang.
Foreløpig har eg meir enn nok med mi vesle prinsesse, og verdens beste mann. Vi storkoser oss sammen, og forholdet mellom meg og min kjære har blitt enda sterkere. Vi føler vi har vært til helvete og til himmelen sammen, og at vi kan klare alt ilag. En deilig følelse!!
Uff, detta blei langt, men det var godt å få det ned på "papiret". Takk for at du gadd å lese