annhe
Glad i forumet
Kan ikkje gå inn på detaljar, men sambo har det ikkje bra, og eg blir difor mykje åleine med ansvaret for ungane, samtidig som eg er bekymra for han. Det verste er at eg kan sjå at ein del av problema hans er sjølvforskylte, noko han ikkje klarer å ta in over seg, så han "rømmer" frå problemet i staden. Eg vil så gjerne hjelpe han, samtidig som eg blir så utruleg frustrert fordi eg føler at enkelte ting går ut over meg og ungane, utan at me har skuld i noko som helst. Psykiske problem er noko dritt, både for den som slit, og for dei som er rundt, som ikkje får eller kan hjelpe. Og spesielt når eg ikkje egentleg kan snakke med nokon om det heller.[:(][:(][:(] Måtte berre lufte nokre tankar.


