Tips til Syden (Gran Canaria) med små

Fiona84

Shrek <3
Oktobermirakler 2013
VIP
Me har hatt ein svært vellykka tur til Gran Canaria, og tenkte å dele litt tips med dykk her :)
Dette er for øvrig heilt subjektivt, og basert på mine eigne erfaringar. Så det er sikkert fleire som meiner ting fungerer annleis, men her er i alle fall mine tips :)

1. Kle. Ta med færre langerma og tjukke plagg enn du trur trengs. Me hadde med tre stk korterma bodyar, og ein heil haug med langerma. Me reiste i januar, så tenkte det kunne vere litt kaldt. Men me enda opp med å handvaske dei korterma, og bruke stort sett berre dei, saman med kjole. Med unntak av på kveldstid nokre kveldar, då me hadde tynn jakke utanpå. Lisja elska å ligge i vogna og lufte tærne:)
2. Drikke. Ta med drikkeflaske så baby kan få vatn. Lisja her brukar ikkje å drikke vatn elles, men hadde stor nytte av det i varmen. Dei første dagane vart det svært ofte amming, bortimot kvar time, sidan ho vart så tørst. Det hjalp veldig å få littegrann vatn innimellom.
3. Trillevogn. Me hadde med ei paraplytrille, der ryggen kan leggast nesten heilt ned. Denne fekk me ha med heilt til gate på flyplassen, både i Norge og på Gran Canaria, og berre leverte med bagasjelapp direkte inn i flyet. Tanken var eigentlig å kun ha ergobaby til å bære babyen i, men fann fort ut at det vart varmt både for meg og baby, og det vart slitsomt i ryggen. Så paraplytrilla var gull verdt :)
4. Våtserviettar. Dette tenkte me å sleppe å drage med oss frå Norge, for å spare plass. Så me kjøpte på næraste supermarked. Dei skulle vere supre til baby, men me merka fort at dei ikkje var så ideelle. Fulle av parfyme, som dei egentlig ikkje skulle vere, og lisja vart skikkelig sår i stumpen. Endte opp med å bruke intimserviettar i staden, fordi me ikkje fann bedre alternativ.
5. Bleier. Det går rykter om at desse er veldig dårlige og veldig dyre i Spania. Men dei var slett ikkje dyre på Gran Canaria. Og kvaliteten var ca som Pampers :)
6. Taxi/Bilsete. Den lettaste måten å komme seg rundt på der borte er med taxi. Men det er så og seie håplaust å finne ein som har bilsete for barn/baby. Når me endelig fann ein som hadde, så fekk me nr hans, så me kunne ringe han personlig. Dei prøvde seg ofte med å seie at det er heilt greitt å kjøre uten sete. Men når eg såg korleis mange av dei kjørte, så hadde eg ikkje turt å ta sjansen på å køyre utan sete.
7. Amming. Dette er dei lokale veldig lite kritiske til. Dei var stort sett veldig begeistra for små barn:) Både på restaurantar og cafear, og elles rundt omkring.

Elles har eg sikkert mykje å tipse om, men kjem ikkje på det sånn heilt akkurat no :p
 
Last edited:
Hvor får man kjøpt den? :D

Sent from my GT-I9506 using BV Forum mobile app

Den er på tilbud no hos babybanden.no :-) og fri frakt:-D
Nettet mitt vil ikkje la meg gå inn på den sida no, så får ikkje gitt deg nøyaktig link. Men berre søk på titanium baby breeze, så får du den opp.

Me kjøpte vår på Babybanden, og er veldig fornøgd. :-)
 
Den er på tilbud no hos babybanden.no :-) og fri frakt:-D
Nettet mitt vil ikkje la meg gå inn på den sida no, så får ikkje gitt deg nøyaktig link. Men berre søk på titanium baby breeze, så får du den opp.

Me kjøpte vår på Babybanden, og er veldig fornøgd. :-)
Har dere den i lime da? :D

Sent from my GT-I9506 using BV Forum mobile app
 
Har den i lime ja. Var litt begrensa utvalg av fargar:-)
Bestiller den på mandag jeg da og håper de har salg enda da :)

Sent from my GT-I9506 using BV Forum mobile app
 
Tusen takk for tips. Vi reiser til Gran Canaria i mars, tar iallefall ikke med så mye bleier jeg har tenkt og bruker heller plassen på våtservietter:)
 
Tusen takk for tips. Vi reiser til Gran Canaria i mars, tar iallefall ikke med så mye bleier jeg har tenkt og bruker heller plassen på våtservietter:)

Kvar på Gran Canaria skal dokke?
 
Back
Topp