Eg er ein utålmodig sjel og held ikkje ut med dei same øvelsene gong etter gong. Har vore medlem på treningsstudio i snart eit år, men har sjeldan mulighet til å delta i gruppetrening, og det eigentreningsopplegget eg har fått (og det nye eg fekk av fysio) fungerar ikkje. Får ikkje trent slik eg vil og slik at eg føler eg får nok utbytte av det.
Har prøvd zumba og det var ok. Ikkje fantastisk, men smålig underholdande. Har prøvd dance aerobic og det var ca zumbavanskelighet x 100 000 000. Det hadde nok vore kjempegøy om eg hadde klart det, men eg hadde ikkje sjans + at bekkenet krangla. Spinning holdt på å ta livet av ræva mi, kunne knapt bevege meg i fleire dagar etterpå! Ikkje noko for meg, men skjønar at det er veldig effektivt.
Det eg har likt best på treningsstudioet er sirkeltrening, altså styrketrening på kanskje 20 ulike apparat (1 minutt hardkjør, 30 sekund pause/bytte av apparat). Det likte eg. Men det er lite av den slags til dei tider eg faktisk har mulighet for å trene.
Eg har kome fram til at eg ikkje kjem til å fortsette medlemsskapet mitt no når bindingstida går ut, det er for dyrt i forhold til kva eg får ut av det. I staden for skal eg børste støv av Wii Fit'en min, det er MORSOM trening det! Varierande kor svett ein blir sjølvsagt, men dersom ein går for styrkeøvelser og kondisjonsøvelser (og mindre på f.eks. balanse) så blir ein god og varm. Plusset er at ein kan trene heime, akkurat når det passar.
For meg passar det best når ungane er i seng dei dagane mannen jobbar seint. Og då er det naturlegvis vanskeleg å gå ut av huset... Og så er det kjekt å kunne sjå film eller noko mens ein trener (dersom ein f.eks. tar jogging eller rockering, øvelser der ein ikkje treng å sjå på skjermen. Eller ein kan ha eit lite wii-bilete oppe i eine hjørnet og film på resten av skjermen).
Det spørs heilt kva du er ute etter. Wii er neppe hard core trening, men det er uendeleg mykje betre enn ingen trening. Eg gjekk ned 15 kg på eit år ved hjelp av lett omlegging av kosthald og så wiitrening. Det hjelper altså! (Har gått opp fire kg det året eg har trent på studio, til tross for ok kosthald...).
Det viktigaste er å fine ei treningsform du liker og som du faktisk får gjennomført reint praktisk, i forhold til jobb, heim og ungar.