Follow along with the video below to see how to install our site as a web app on your home screen.
Notat: this_feature_currently_requires_accessing_site_using_safari
Enkleste måten å finne det ut på http://www.pasientreiser.no/
Kommer vell an på om det er på eget/privat intiativ dere besøker den legen, eller om dere er henvist dit av fastlege/annen helseinstutisjon.
Gutt født 09
Baby sept 13
JA! Det blir dekka. Dvs, du får refundert prisen på billegaste offentlege transportmiddel.
Guten min får i utgangspunktet dekka bil herfrå og til kommunesentrum (lite bussar her ute) og så buss vidare til Haukeland/øyelegen.
Men sidan han og har ein autismespekterforstyrrelse med åtferdsvanskar som kan gjere bussturen vanskeleg, får vi no og (etter klage) dekka heile vegen med bil, samt bompengar, ev. piggdekkavgift og parkering på Haukeland.
Lille får og dekka noko av reisa (bil til kommunesentrum og buss til Bergen) til fysio. Heldigvis, for det er ein del å hente når ho trener der kvar veke og det er ca 6 mil tur/retur.
Ein får derimot ikkje dekka reise til ortopediingeniør for tilpassing/oppfølging av ortopediske hjelpemiddel (i vårt tilfelle: innleggssåler/fotsenger).
Har vel fått refundert rundt 2000 kr på pasientreiser med ungane det siste året, vel verd å ta med seg dersom ein må reise ein viss distanse ein del gongar!