Ingen av dei gynekologane eg har vore i kontakt med i området her eg bur (kun to private eg har funne), utfører måling av nakkefold. Seier det kun er enkelte spesialistar med kurs i dette som tek denne målinga. Så eg må vel berre slå meg til ro med at sannsynlegheten for at noko er gale er liten, og heller venta i spenning på ordinær ultralyd. Dei ser vel ein del her også, om ikkje heilt dei same tinga? Er tydeligvis ulik praksis rundtomkring, og tydeligvis ikkje alle som kan ta desse målingane. Og ikkje ein selvfølge på tidleg ultralyd på den tida, som eg i utgangspunktet trudde. Mykje ein skal læra seg som ny i dette "gamet" her!