Smatte
Glad i forumet
Er det nokon som har erfaring med tanngnissing hos barn? Guttungen min gnisser så sinnsjukt om natta etter kraftige hostebyger. Høyrer det heilt inn til vårt soverom, og romma ligg ikkje vegg i vegg for å seie det slik. Han gnisser litt svakt innimellom også, men er heilt grusomt på det verste. Skjer gjennom marg og bein. Eg har kontakta tannlegen og spurt om råd, men dei kan ikkje gjera noko, seier dei. Er jo "berre" mjølketennene, men likevel. Gamal vane er vond å vende. Tenker at det vil påverke nye tenner når dei kjem. Er litt tidleg med tannskinne, tenker eg. Tannlegen meinte ho ikkje kunne sjå gnisseskadar, men EG klarar sjå det. Og det allereie for fire månader sidan!