Berre fyller på med info frå den kjedelege "forskinga" mi kring den problemstillinga her eg! Litt nyttig og kanskje
Det som er viktig er at du må ha skuleplass/studieplass

Du kan ikkje søke permisjon fra en plass du ikkje har, og du får heller ikkje foreldrestipend dersom du ikkje har skule/studieplass.
http://lanekassen.no/nb-NO/Stipend-og-lan/Hoyere-utdanning/Fodsel_barn/gravid1/
Eg er dramapedagog, men tar fleire fag no for å kunne jobbe på ungd.skulen. Eg må søke studieplass innen fristen (april?), og så må eg takke, ja, til plassen eg får tildelt. SÅ kan eg søke permisjon fra studiet etterpå.
Dersom du er i eit fleirårig studieløp slepp du kanskje dette. Poenget er at du må ha ein dokumentert studieplass å søkje permisjon fra.
Og så er det med å søke foreldrestipend etter at ungen er født, eller evt. informere om termin dersom du søker om stipend/lån før skulestart.
http://lanekassen.no/nb-NO/Stipend-og-lan/Hoyere-utdanning/Fodsel_barn/Foreldrestipend/
Ein anna ting er at far ikkje får fedrekvoten sin (14v) dersom du ikkje har opparbeida deg rett til foreldrepenger frå NAV, men det fins ei slags løysing på det og
Eg søkjer permisjon frå studiet mitt (obl. oppmøte), og melder meg på eit nettbasert studium i staden (eit studie eg likevel vil ta). Når mor er 100% student, kan far ta ut inntil 49%foreldrepermisjon kvar veke utan at mor mister/får redusert foreldrestipendet sitt. Så far kan få utbetalt foreldrepengar frå Nav i inntil 2,5dag i veka heile permisjonstida til mor.
Sånn skal vertfall vi gjere det! Da endar eg opp med eingongsstønad frå NAV pluss foreldrestipend, og gubben kan ta foreldrepermisjon inntil 2,5dag i veka fordi eg er aktiv student i permisjonstida.
Beklager langt regel-innlegg
