Eg er eit skikkelig ikkjeveskemenneske... Har eit par vesker, men har aldri vore komfortabel med å bruke dei, dei berre sklir ned eller så ser dei teite ut, eller begge deler. Skal eg ha med meg meir enn eg får plass til i baklomma, brukar eg eit tøynett med Løvenes konge på. Eg er DER liksom.
Forrige gong eg hadde småtroll i huset er uhyre lenge sidan, og den gong brukte eg ryggsekken som fulgte med bæreselen eg kjøpte. Den er no dessverre heilt oppbrukt og blei kasta etter flittig bruk i 4-5 år.
No kjem det igjen baby i hus snart, og eg innser at det er praktisk å ha noko å bære bleier og ekstra skift og smokk og ammeinnlegg i, men når eg googlar "stelleveske" eller liknande, kjem det opp "damevesker" med det som sikkert er kjente merkenavn (til horrible prisar), eller rare klumpete ting som så praktisk kan hengast på vogna og som ser om mulig enno verre ut. Eg ser på ingen måte poenget i å betale over tusen kroner for noko som eg synest er stygt og ikkje har lyst til å bruke. Ser det fins billige vesker og, men det er liksom ingen ting som ikkje ser enten "damete" eller forferdelig ut. Eg kjenner eg har mest lyst til å bestille ei veske til eit par hundre frå eBay, for då kan eg i det minste få eit festlig bilete på, men så er det dette med kvalitet og kor praktisk det er då...
Er eg det einaste kvinnemennesket som får noia av vesker? Eller fins det fleire av oss? Kva gjer "sånne som oss" når det hadde vore skikkelig praktisk med ei veske? Hjelp..?