Eg prøver å legge jenta mi 1,5 - 2 timer etter ho er våken. Ho får pupp frå begge puppane enten rett etter eg har stelt ho om morgonen eller før eg steller ho. Rett før eg legger ho, tilbyr eg pupp igjen, sånn at eg er sikker på at ho er mett. Så legger eg ho i vogna ute eller i senga på soverommet. Då skriker ho som regel litt før ho sovner, men med gasskluten ved kinnet og sutt sovner ho som regel av seg sjølv ute og inne. Eg triller ikkje ho utafor huset lenger for å få ho til å sove, bare legger ho ut. Men det skal vere sagt at siste uka, kanskje halvanna uke har ho sove dårleg om dagen, våkner etter 20 - 45 min, før sov ho 3 timar i strekk. Trur det kan ha med at ho veks veldig og utviklar seg mykje om dagen og blir uroleg i kroppen av det. Men er du sikker på at ho er sulten så ofte eller kan det vere at ho er trøtt istedenfor? Jenta mi får mat kvar andre eller tredje time om dagen, sover i 8-10 timar på natta i strekk uten mat.