Skoen92´s dagbok

Skoen92

Elsker forumet
MayDay2021
Novemberfnuggene 2023
Er gøy og ha noko ein kan sjå tilbake på, så då startar eg ei dagbok her også.

Er 28 år og bur saman med sambuar og våre firbeinte pelsbarn.
Vi starta først og prøve i juni, så vart gravid i pp3 (eller 2.5 sidan den første kom litt brått på og ikkje var heilt planlagt frå mi side :hilarious:)


Termin: 05.05.2021
På vei: 7+2
Trimester: 1
Prosent gjort: 18%

Symptomer: Trøtt og sliten, sulten heile tida, ligamentsmerter, kvalm og ør (spesielt på morgonen)

Cravings: :peeking:
Medisiner::peeking:
Vektendring::peeking:
Mage::peeking:
Neste JM/legetime:
12.10.2020
Ultralyd: 07.10.2020

Aktivitet i magen::peeking:
Kjønn::peeking:
Navn::peeking:

Utstyr som gjenstår:
Alt
Tanker om fødsel::peeking:

Neste milepæl:

5+0 Kjemisk grense ✔
12+0
 
Last edited:
I dag er det faktisk ei heil veke sidan første positive test. Er fortsatt ganske så uverkeleg og det har nok ikkje sunke heilt inn enda, til tross for at eg no har fått både 1-2, og i dag 2-3 på digital test.
Testetøsa i meg berre måtte bruke den digitale testen i dag. Som var den siste eg hadde og som skulle sparast litt. Jaja, då blir det vel å kjøpe ein ny eg kan ta om ei vekes tid då :hilarious:

Når eg var ferdig på badet og skulle ut med bikkjene tidlegare i dag, kjente eg meg litt småør. Og til tross for kun t-skjorte når eg skulle tørke av potane på bikkjene når vi var inne igjen, var det alt som skulle til for og løyse svetten litt.

Bbq marinade luktar overhode ikkje godt, sambuar opna ei flaske på søndag og i går, og eg kjente lukta slå i mot meg når korken var av. Så kjenner eg er litt uroleg for og begynne på jobb igjen på mandag. Jobbar jo i ei avdeling som har med matlaging og gjere, så det kan jo bli spennande. Håpar ikkje eg kjem til å reagere noko særleg på alle luktene :nailbiting::p

Lurer også på om eg skal kjøpe inn nokre smekker med tekst på, som vi kan gi i gåve til dei kommande besteforeldra.
Mormors gull og The future is me. Hmmm :D
 

Vedlegg

  • 20200825_100330.jpg
    20200825_100330.jpg
    27,3 KB · Visninger: 54
  • 20200825_100227.jpg
    20200825_100227.jpg
    28,2 KB · Visninger: 53
Herlige tester da :joyful: Ja den luktesansen er noe herk :hilarious: Vi skulle ha hvitløkspizza(hvitløksbrød) her om dagen og skulle kutte masse hvitløk og jeg trodde jeg skulle rulle meg rundt i grava :eek::hilarious:
 
6+0 i dag og morgenkvalmen har meldt sin ankomst. Dei siste dagane har eg også hatt blodtrykksfall på morgonen under morgenstellet på badet og har følt meg litt ør. Kvalmen har gitt seg når eg har klart og få i meg noko etande, så må eg prøve vere flink til og ete jamnleg gjennom dagen.
I dag har eg også begynt og ta lett til tårene. Satt og såg ein serie tidlegare i dag, der tårene brått pressa på etter noko som skjedde i episoden. Og no har eg nett grene i tlf med sambuar, fordi eg har følt meg kvalm og måtte kaste opp i går, og griner meir fordi eg føler meg så teit som griner :hilarious:

Så gruar eg meg litt til jobb i morgon og resten av veka. Kun tidlegvakter og det er morgonen som er verst. Hurra! Og om det ikkje ringer nokre bjeller hos dei andre eg jobbar med, fordi eg brått begynner og hive innpå med mellommåltider, så kjem dei vel aldri til og skjøne teikninga. Eg har nemleg for vane å kun eter når det er pause og drikker generelt litt for lite når eg er på jobb.
 
9+0 i dag og formen er vel eigentleg uforskamma bra. Hender eg er litt småkvalm på morgonkvisten og bør helst ikkje drikke noko særleg før frukost, då startar brekningsrefleksen og vatnet kjem som regel opp igjen. Mine knøttsmå puppar har blitt veldig synleg større og tyngre :hilarious: Er ellers veldig trøtt og sliten om dagen og ofte sulten. Til tider mykje luft og litt treg i magen, men ellers er alt bra.

Vi har fått fortalt det til min pappa og sambuar, og min sambuar sine foreldre og søster. I morgon reiser vi ein tur til mamma (og sambuar, men han er vekkreist) for og fortelle nyheten der. Ho har mast på oss i nokre år, så reknar med ho kjem til og bli i fyr og flammer :hilarious:

Er 10 lange dagar igjen til TUL. Er så spent på kva vi kjem til og sjå der, og håpar alt ser bra ut! :nailbiting:
 
På onsdag (10+3) var eg og sambuar på tidleg ultralyd. Grugleda meg skikkeleg, for tenk om det ikkje var noke liv... etter ein fin og roleg samtale med sjukepleiaren som jobba der, som forklarte kva vi kunne forvente og korleis det ville bli utført, fikk vi komme inn.
Vi fikk beskjed om at sidan det enda var veldig tidleg, kunne det vere vanskeleg og sjå med vanleg ul på magen og at vi då kanskje måtte gå via kjeden. Koseleg! :facepalm:

Fikk gel på magen og så stoppa ting litt opp. Legen fikk start problemer med ul-maskina, men etter mykje om og men, kom den i gang.

Det var overhode ingen tvil om at det var liv. Det første vi såg i det han la proben(?) på magen, var eit bittelite foster med eit bankende hjarte. Lille bønna låg stille litt, før den plutseleg slo kråke inne der og vifta med armar og bein.
Det var vist nesten så tydeleg at legen kunne telle fingrane, men berre nesten.

Alt var i skjønnaste orden med vår 4 cm lange bønne, i følge legen, som sjekka både fram og tilbake. Og lengda på svangerskapet var så nøyaktig som det kunne bli, nesten. Han ville sagt eg var 2 dagar lenger på veg, og det kan sikkert stemme, i og med at eg har 24-25 dagars intervallar og ikkje 28.

På mandag er det første jordmor time, blir spennande det også!
 

Vedlegg

  • 20201007_191528.jpg
    20201007_191528.jpg
    22,9 KB · Visninger: 50
Termin: 05.05.2021
På vei: 13+0
Trimester: 1
Prosent gjort: 33%

Symptomer: Sulten nesten heile tida, magen er veldig ømfintleg på morgonen (brekker meg/spyr av snyting eller harking f.eks.), litt trøtt og blir fort sliten.

Cravings: :peeking:
Medisiner::peeking:
Vektendring:
+1 kg
Mage::peeking:
Neste JM/legetime:
23.11.2020
Ultralyd: 03.12.2020

Aktivitet i magen::peeking:
Kjønn::peeking:
Navn::peeking:

Utstyr som gjenstår:
Alt
Utstyr kjøpt/fått:
  • Vogn
  • Vognpose for både sommar og vinter
  • Sprinkelseng
  • Stellebord/kommode
  • Masse klær og tepper
Tanker om fødsel::peeking:

Neste milepæl:

5+0 Kjemisk grense ✔
12+0 ✔
27.10.20 Andre trimester startar ✔
23.11.20 Jordmortime - får høre hjertelyden for første gong
03.12.20 OUL
14.12.20 Halvvegs
01.02.21 Tredje trimester startar
 
Last edited:
Termin: 30.04.2021
På vei: 19+5
Trimester: 2
Prosent gjort: 49%

Symptomer: Oftare sulten, raskare sliten og trøtt. Ellers i bra form.

Cravings: :peeking:
Medisiner::peeking:
Vektendring:
+3 kg
Mage::peeking:
Neste JM/legetime:
11.01.2020
Ultralyd: 03.12.2020

Aktivitet i magen: Ja :love2
Kjønn: Gutt
Navn::peeking:

Utstyr som gjenstår: Mykje
Utstyr kjøpt/fått:
  • Vogn
  • Vognpose for både sommar og vinter
  • Sprinkelseng
  • Stellebord/kommode
  • Masse klær og tepper
Tanker om fødsel::peeking:

Neste milepæl:

5+0 Kjemisk grense ✔
12+0 ✔
27.10.20 Andre trimester startar ✔
23.11.20 Jordmortime - får høre hjertelyden for første gong ✔
03.12.20 OUL ✔
09.12.20 Halvvegs
20.01.20 100 dagar igjen til termin
27.01.21 Tredje trimester startar
 

Vedlegg

  • IMG_20201203_095602.jpg
    IMG_20201203_095602.jpg
    33,6 KB · Visninger: 15
Back
Topp