No skal eg snart til på min andre prøverunde, og går mykje og tenker på "kva eg gjorde feil" sist... Er det nokon som har erfaring med sjukmelding i forhold til IVF? Eg er kanskje overhysterisk når eg tenker at eg ikkje vil jobbe etter egginnsetjinga, men eg vil no gjerne ta det heilt med ro i alle fall i tre veker etterpå... For sikkerhetssyld liksom... Mista i 6. veke sist. Det hadde eg kanskje gjort uansett, men ein veit no aldri. Stressa nok litt ekstra i dei tider... Nokon som har erfaringar dei vil dele med meg? Lurer no litt på om det er annleis den andre gongen også? Er i god tru om at det vil fungere no når det er vår og litt varmare og lysare [;)] No livnar det i lundar [:D]