Etter at UL på fosterdiagnostikk sist tysdag viste tydeleg cystic hygroma, vart det tatt morkakeprøve. Fekk svar torsdag ettermiddag, jenta hadde dessverre trisomi 18, ein diagnose som legane omtaler som ikkje forenlig med liv. Dei fleste døyr i mors liv, resten døyr som regel kort tid etter fødsel. Dette er barn som ikkje får livreddande hjelp etter fødsel, dei er jo dødsdømte.
Heile veka har eg vore i ei vond, svart skodde. Alle legane var tydelege på at svangerskapet måtte/burde avbrytast. Så heile helga låg eg på sjukehus. Jenta kom seint laurdag kveld, ho var ein bitteliten, tilsynelatande perfekt baby som "sov". Fekk ha ho hos meg så lenge eg ville, det gjorde godt midt oppi alt det vonde.
Fekk litt komplikasjonar etterpå, alt stoppa opp og morkaka ville ikkje ut, så det vart utskraping i narkose eit døgn etter. Kom heim seint i går kveld, tom og uendeleg trist. Vel vitande om at dette var min siste sjanse. Eg har store problem med å prosessere dette. Dette barnet har vore så inderleg ønska i så mange år. Etter fire MA/SA siste fire åra, såg det endeleg ut til at det skulle gå bra denne gongen. Magen vokste og hjartet der inne slo sterkt på kvar UL. Men legen på Haukeland dåg umiddelbart at noko var veldig gale med barnet.
Jenta skal få kvile i ein felles minnelund, ser fram til å kunne gå der og tenne lys.
No tek eg time for time, og prøvar å halde fast på tanken om at også dette lettar med tida.

ta godt vare på deg selv 