Relativt store barn og ny kjæreste... Når og korleis introdusere?

Ranveig!

Forumet er livet
Aprillykke 2016
Er det nokre damer her inne som vil dele erfaringar rundt dette?

Her er ungane no 4 1/2 og 6 1/2. Det er ikkje så lenge sidan det konkrete bruddet med faren, og vi står framleis oppi fråflytting og husjakt og alt. Så eg må uansett vente ei stund. Men eg er veldig nysgjerrig på korleis dåke andre har gjort dette.

Eg er så heldig at ungane veit kven kjæresten er, sjølv om dei aldri har møtt han. Dei har hørt om han (og fått julegåve og sånt i alle år) og veit at han er venen min. Han bur langt unna, så enn så lenge møtes vi berre i frihelger og barnefri periodar. Ingen fare for at ungane tilfeldigvis snublar over oss på gata liksom.

Yngste har snakka med kjæresten min på telefon eit par gongar (første gong låg eg i halvsvime i senga ein tidleg morgon og gav ho lov til å leike med telefonen min, og vips hadde ho ringt alle på "favoritter"), og har skjønt at eg snakkar med han ofte. "Eg VET at du snakkar med ***, mamma!", sa ho her i går. Eldste har kanskje ikkje fått med seg det der, men det kan jo vere han veit meir enn han gir uttrykk for. Han vil ikkje at eg skal få meg nokon ny kjæreste, han vil at det skal vere "bare meg og deg og pappa". Men det er vel eit heilt vanleg ønske like etter brudd mellom foreldra.

Planen er at når eg og ungane har flytta for oss sjølv og ungane har blitt vant til den nye livssituasjonen, så skal kjæresten få treffe dei. Men det er utruleg vanskeleg å vite korleis... Skal eg begynne med å fortelle at eg har fått meg kjæreste? Eller er det bedre å la dei møtes på nøytral grunn og så etter eit par møter fortelle at han er kjæresten min? Og kor lenge må eg vente? Eg er litt utålmodig, for eg er 100 % sikker på at dei vil trives kjempegodt i lag, men samtidig så veit eg jo at ungane må få tid på seg til å handtere forrige "nyhet" før eg kjem med neste.

Korleis gjorde du det? Og korleis reagerte ungane?
 
Back
Topp