Har noen erfaring med nature bond pumpe? Virket så enkel og grei, men usikker hva man bør se etter.
Eg brukte nature bond mykje sist, men ofte mest utan vakuum for å samle opp mjølk som rant frå det andre brystet når eg amma. Etter ein stund brukte eg den med vakuum medan eg pumpa det andre brystet. Eg syns den funka bra, men ville nok ikkje hatt den som einaste pumpe dersom eg var avhengig av å pumpe.
Pga infeksjon hos baby i starten, måtte han ha ekstra tillegg. Eg måtte amme kvar tredje time, deretter pumpe. Medan eg pumpa fekk babyen det som var pumpa ut sist samt mme. Han blei mata med kopp av pappaen, ikkje flaske, for å unngå sugeforvirring. Etter ei veke med dette regimet kunne eg gå over til fullamming.
Dei neste 4 månadene hadde eg så mykje mjølk at det konstant lakk frå motsett bryst når eg amma. Eg brukte då anten naturebond utan vakuum eller medela mjølkeoppsamlar under amming for å ta vare på ekstra mjølk. Det blei ganske mykje i frysaren til slutt, som aldri blei brukt. Hadde difor heller ikkje behov for å pumpe.
Eg starta å jobbe då han var 8 månader. Då pumpa eg kun på jobb dersom eg fekk spreng, samt innimellom kvelden før dersom eg skulle jobbe seint neste dag. Har amma fram til han var 1,5 år, då forsvann mjølka pga. denne graviditeten.
I starten kan ein få låne pumpe av sjukehuset om ein er avhengig av det. Vidare kjøpte eg brukt pumpe sidan eg trengte det veldig sjeldan. Det har funka fint til mitt bruk
Angåande flasker kan det vere lurt med kopp (ser ut som eit lite medisinbeger) i starten for å unngå sugeforvirring. I alle fall om du tenker å amme.