Ein dag var lett, en dag var tung, men båe tok ein ende. Ein glede her, eit vonbrot der, - det var så mangt som hende. Eg møtte smil, eg møtte gråt, og sorg og sakn eg kjende. Lys og mørker skiftast åt, - det var så mangt som hende. Slik var det før, slik er det no at allting snur og vender. Ein dag er blå, ein annan grå, - det er så mangt som hender.