Skulle hatt mensen for fleire dagar sidan, men har tenkt at det er overgangsalder. Er fylt 46 år, og har opplevd to MA og 1 SA siste åra - og hadde lagt heilt bort draumen om baby. Men så var det noko som fekk meg til å stikke innom bunnpris og kjøpe ein test i kveld. Og altså; det var TO STREKAR. Utfrå siste mens er eg 4+5. Eller 4+6 om ca 20 min...
Sit her ganske fortumla og prøvar å seie til meg sjølv at det ikkje er noko poeng i å vere glad, for det går sikkert galt denne gongen også. Har ikkje statistikken på mi side, for å seie det mildt! Men det er rart med det; babytankane er tenkt så mange tusen gongar siste åra, så det er uråd å halde spira av håp og forventning borte.
Har tre store born frå tidlegare ekteskap, men ingen med min noverande ektemann. Var ein RFSU-test eg tok i dag, i morgon blir det tur innom apoteket for å kjøpe digital. Og så skal eg prøve å ikkje tenke meir på dette før om mange veker, late som ingenting......det går jo heilt sikkert etter planen, sant?