Sambo mener at det ikke er spesifisert for bhgbarn som ikke har ferie. Du kan lese mer om her i barneloven § 43. Omfanget av samværet mv.
Den av foreldra som barnet ikkje bur saman med, har rett til samvær med barnet om ikkje anna er avtala eller fastsett. Omfanget av samværsretten bør avtalast nærare. Dersom samvær ikkje er til beste for barnet, må retten avgjere at det ikkje skal vere samvær.
Foreldra avtalar sjølve omfanget av samværsretten på bakgrunn av kva dei meiner er best for barnet. § 31 andre stykket gjeld for foreldra. I avtale eller avgjerd om samvær skal det mellom anna leggjast vekt på omsynet til best mogleg samla foreldrekontakt, kor gammalt barnet er, i kva grad barnet er knytt til nærmiljøet, reiseavstanden mellom foreldra og omsynet til barnet elles. Vert det avtala eller fastsett « vanleg samværsrett », gjev det rett til å vere saman med barnet ein ettermiddag i veka med overnatting, annakvar helg, til saman tre veker i sommarferien, og annankvar haust-, jule-, vinter- og påskeferie.