Bruker367heg
Andre møte med forumet
Grunn av mistanke om kromosomfeil tok legen ein morkakeprøve i veke 11/12. 5 dager etterpå byrja eg å blø. Det viste seg at eg hadde eit hematom (blodsamling) ved morkaka. Fekk beskjed om at det kunne ta si tid Før dette ville tømme seg. Vekene gjekk og eg blødde meir og meir. Blodprosenten falt frå 11,5 til 7,8 (siste måling). Morkakeprøven viste imidlertidig å ve heilt normal. Men Pga blødningane så gjekk vatnet mitt ved veke 20, og eg var forberedt på ein sein abort på veg til sjukehuset i ambulansen.. Men sidan eg ikkje hadde rier så fekk eg beskjed om å ta det med ro, sengeleie.. Fortsatte å blø og hadde vatn avgang med jamne mellomrom.. Trass i dette voks jenta mi i magen. Det gjorde ogdå hematomet ved morkaka. Så i veke 23 +3 byrja riene.. vart i Hu og hast frakta til Haukeland med ambulanse. Livmorhalsen var nesten heilt utvida ved undersøkelsen. Fekk lungemodningsprøyter og epidural som stoppa riene. Var på obs posten over helga, fekk 2 poser blod på mandagen. På kvelden begynte riene att.. Denne gongen var eg 4-5 cm.. Så vart liggende på føden. Fekk magnesium drypp for å motvirke cerebral parese hjå barn.. riene stoppa opp att. Men natt til onsdag den 21/12-16 byrja riene att. Kl 03.06 kom jenta i full fart. Bitteliten var ho, 700 gram og 30 cm, men sterk som bly! Rommet var da fult av folk, barneleger, jordmødre, anestesi leger, gynekolog osv.. Dei intuberte ho og reiste med ho til nyfødt intensiven.. Så var det gjort. Mamma var eg blitt for 3 gong, men denne gongen ei usikker tid i møte. Ho kom aå alt for tidleg.. Ho er i dag 1 veke gammel, og 25 veker.. Skuld følelsen min kjem stadig fram pga prøven eg tok i veke 11/12. Men det som er gjort er gjort. Jenta mi skal Heite Vilje, for det har ho. STERK Vilje!
Skulle ønske eg fekk høyre om solskinnshistorier om barn født rundt veke 24! Så har de nokon. Fortell meg, treng det no!
Skulle ønske eg fekk høyre om solskinnshistorier om barn født rundt veke 24! Så har de nokon. Fortell meg, treng det no!
Last edited: