Y_lill
Glad i forumet
Dei siste dagane har eg merka at mini er mindre aktiv enn før. Eg har influensa ut av ei anna verd, hostar og harkar og har null energi. Drikk mengder med vatn og prøver å få i meg så mykje næring som mulig, og veit at influensa i seg sjølv ikkje er farlig for babyen - MEN er bekymra fordiom. Kjenner at ho romsterer inni der, og då eg var til legen for sjukemelding fekk eg ho til å sjekka hjartelyden for sikkerheitsskuld.
Nokon som kan beroliga meg? Er det vanlig at mini rører mindre på seg når ein er sjuk?