Mi fødselshistorie - Lang - litt dramatikk, men nydeleg slutt :)

Y_lill

Glad i forumet
Eg var på overtidsvurdering på onsdag, 7 dagar over termin. Legen vurderte igangsetting, men kom fram til at alt kunne vente til mandag. Litt stripping derimot gjorde susen. Hadde konstant vondt i magen til riene starta torsdag utpå dagen. Då dei kom regelmessig rundt 7 min ringte me føden. Fekk beskjed om å venta lengst mogeleg, helst under 5 min i to timar. Det skjedde fredag morgon, me ringte opp og fekk stadig beskjed om at det ikkje var noko problem å venta ei stund til. Reiste derfor ikkje opp før kl 12. Riene kom no med 5-3min mellomrom, og eg ville vera sikker på at me venta så lenge at me ikkje vart sendt heim. (orka ikkje tanken på humpete biltur ein gong til)

Då me kom opp på storken vart eg undersøkt og fekk den nedslående beskjeden; kun 1,5cm! Etter snart eit døgn! Men jordmor ville likevel at me skulle venta og sjå sidan riene var så hyppige og sterke. Ny undersøkelse eit par timar seinare; 2cm! Eg haldt på å byrja å grina, dette gjekk jo ikkje på fram! Men ho ville ikkje senda oss heim. Fekk akupunktur og det var strålande, fekk slappa godt av mellom taka som no kom kvart 2-3min.

Vaktskifte og ei jordmor som ikkje gjorde nokon ting godt. Ho viste meg sittestilling på ein ball, og la ei varmeflaske på ryggen min, men var kort og godt til null hjelp - og no byrjar eg å bli frykteleg sleten og lei! Ei anna jordmor var innom og foreslo morfin - nydeleg - gjorde at eg fekk sova litt mellom taka som no kom nesten uten pause. Morfinen gjekk ut og den ubrukelige jormora skulle av vakt, men før ho gjekk ville ho sende meg heim (!!!!!) eg hadde framleis ikkje fullt tre cm, og ho meinte eg ville slappa betre av heime. Eg forstod ikkje logikken, men hadde nok gjort som ho sa hadde det ikkje vore for sambuaren min som sa imot. (HELDIGVIS) ei anna jordmor kom inn, kjente på magen min og sa at dei ikkje skulle sende meg nokon stad.

Den beste nattevakta i verda kom på vakt! Skulle sånn ynskje at ho hadde vore der heile tida! Ho kom inn, hjelpte meg med pusteteknikk, (gull verdt! Pass på å pust heilt ned i magen! Eg gjorde ikkje det tidlegare, og fekk skryt for pustinga mi - berre tull! Pust roleg heilt ned i magen, ikkje løft brystet. Håplaust å få til på vonde rier, men hjelper masse i pausen!) ho satte akupunktur som dempa smertene og fekk meg til å slappa meir av. Har tenkt fleire gonger at ting hadde gått betre om eg hadde hatt ho i stadenfor den ubrukelige på vakta før. BYTT JORDMOR OM DU IKKJE ER NØGD! All den gode jobben til trass, no var eg så sliten og smertepåverka at eg ikkje klarte meir. Epidural vart bestilt og eg vart flytta ned på føden. Til ENDA ei ny jordmor, og snart var det vaktskifte (!!)

Herifrå og ut var det kun flotte jordmødre, men eg byrja å føle at eg kom til å møte dei alle før babyen var ute. Epiduralen verka meir på den eine sida enn den andre, men den verka så bra at eg slappa skikkelig av, fekk pusta godt gjennom kvar ri, var oppe og gjekk, vatnet vart tatt og vips var me oppe i 7 cm. Men der stoppa det - siste jordmorskifte

No vart riene kraftigare, og den sida som ikkje fekk epidural var frykteleg vond - no hadde eg hatt rier i to døgn, og tålte mindre enn i starten, men følte at alt gjekk. Den gode framgangen stoppa litt opp, så drypp vart bestilt. Før det kunne setjast på måtte babyen overvåkast, og her starta dramatikken.

Hjarterytmen, som hadde vore heilt flott til no, gjekk ned på kvar ri. Eg fekk ny epidural, og ei lita stund såg det ut til å hjelpa at eg igjen kunne pusta meg gjennom riene. Eg låg fyrst på ei side, så neste, for å sjå om babyen likte noko betre enn noko anna, men ingenting hjalp. Det var ei skikkelig ekkel oppleving. Eg kjente at kvar ri kom, og høyrte hjartelyden gå ned for så å gå opp att etterpå. Lege var inne og overvaka, men alle forsikra oss om at alt gjekk heilt fint og at det ikkje var noko å bekymra seg for.

Dette var den kortaste delen av fødselen, men den kjentes ut som den lengste! Eg kunne sjå at jordmora var på vakt, til trass for at ho sa at eg ikkje skulle bekymra meg, og dei byrja å bu oss på keisarsnitt. Det einaste eg hadde håpt på før fødselen var at det ikkje skulle bli keisarsnitt, men no ville eg berre ha babyen min ut! Dei laga til drypp på ny, men då eg laut snu meg over på ryggen att gjekk hjartelyden ned enda ein gong, og denne gangen gjekk det ikkje like fort opp at. Då skjedde ting fort!

Eg veit ikkje kor lang tid det tok frå legen sa at han kom til å trykke på ein alarm til prinsessa vår var ute med hastesnitt, men det gjekk i rasande fart! Det viste seg at jenta vår hadde fått navlestrengen kring halsen, og at presset frå riene hadde påverka oksygentilførselen hennar. Heldigvis gjekk alt bra, ho er frisk og fin og verdas søtaste! Til og med magen min kjem seg bra, og eg reknar med å reisa heim i morgon, tre dagar etterpå.

Erfaringar å ta med seg til neste gong: gode jordmødre er gull, dårlege er ubrukelige, og kan i verste fall gjera at ting går seinare enn dei treng. BE OM Å FÅ BYTTA OM DU IKKJE ER NØGD! Alle er ikkje lika flinke!
 
Veit ikkje kvifor det ikkje er avsnitt her... Skal redigera i morgon

_____________________________

Red: Det tok litt lengre tid enn ein dag, men dagane forsvinn så fort! Har ikkje så mykje lyst til eller tid eller til å bruka på internett desse dagane  ;)
 
Oi, det var jo godt det endte godt da! Man har nok alt for lett for å ta til takke med den man får som jordmor.. Men man burde faktisk si i fra for det kan fort ødelegge fødselen når man ikke får en jordmor man ikke kommer over enns med eller som ikke er så flink..
 
Men blei det KS til slutt?
eller hjalp de ho ut på en anna måte?
 


Klesklypa skrev:
Men blei det KS til slutt?
eller hjalp de ho ut på en anna måte?


Det endte med KS, dei hadde ikkje tid til noko anna. Ikkje det kjekkaste akkurat når det stod på - var så redd for babyen i magen! Men det gjekk heldigvis heilt supert! :) Og ingenting betyr noko lenger, babyen er her og er frisk og fin :)
 


Y_lill skrev:


Klesklypa skrev:
Men blei det KS til slutt?
eller hjalp de ho ut på en anna måte?


Det endte med KS, dei hadde ikkje tid til noko anna. Ikkje det kjekkaste akkurat når det stod på - var så redd for babyen i magen! Men det gjekk heldigvis heilt supert! :) Og ingenting betyr noko lenger, babyen er her og er frisk og fin :)

Så godt å høre!
ja, det aller viktigste er jo at babyen har det flott og no koser seg sammen med mamman sin :) takk for at du delte fødselshistorie, det var kjekt å lese.
 
Back
Topp