Smooshkin
Glad i forumet
Eg er av den sorten som aldri har mareritt, og drøymer generelt lite om natta (vertfall som eg hugsar dagen etterpå).. Men inatt hadde eg to forskjellige mareritt..
I det første mareritte så hugsar eg ikkje kven som var med, bortsett frå ein person! Denne personen var psykisk forstyrra på ein eller anna måte, for me befant oss på ein institusjon! Han meinte han var klarsyns og kunne "sjå" inn i framtida.. Plutseleg byrja han å gå etter meg og brukte armane sine til å forma eit kors bak meg.. Eg hugsar ikkje om han sa kva det betydde, men eg oppfatta det slik at eg liksom var neste person til å dø.. Han kunne "sjå" slikt meinte han.. Det skjedde ikkje meir etter dette før eg plutseleg vakna!
Den andre drømmen hugsar eg heller ikkje kven personane var. Men ein person var vertfall hardt skada, og eg sat på gulvet med denne personen for å passa på han.. Plutseleg kjem det ein anna person bort for å høyre kva som var skjedd. Og plutseleg finn denne personen ein plastikk pose og trer over hovudet på den skada personen.. Så seier han "det er like greitt å gjere det på denne måten".. På ein eller anna måte så skjønte eg sjøl at det var ein draum og "tvang" meg sjøl til å vakna..
Etter dette tok det LANG tid før eg fekk sova igjen.. Låg lenge å tenkte på kva desse draumane skulle bety! Ein byrja jo å lure litt.... Vart nesten redd, då ein av og til høyrer at folk er sann-drøymde... Uff..