Smatte
Glad i forumet
No byrjar eg å få alle nødvendige ting til baby på plass. Men så er det dette med senga, eller rettare sagt madrassa i senga. Det er så mange å velge i, både når det gjeld kor mjuk/hard og kva materiell som er brukt, og ikkje minst er det forskjell i pris. Kva er å anbefale? Speler det noko rolle? Eg vil jo sjølvsagt det beste for ungen, og kjøper gjerne den dyraste dersom det er best for helsa hans/hennar, men er det noko bevis på at den dyraste treng vera best? Det er mange hundrelapper i forskjell på billigst og dyrast.