Var som me oss i fjor det, prøvd i over 2 år og så blei prøverørssøknaden sendt i juli.. I september fekk me svar og fekk forsamtale(1.timen) i oktober. For oss gjekk det ganske fort, heldige sånn sett, men veit at andre plassar kan det være litt ventetid. Gjerne ventetid på opptil 4-5 mnd, det henger jo i sammen med kapasiteten til klinikken/sjukehuset du skal holde til. Noen mnd er det mer "kø" enn andre.
Me var veldig heldige å fekk klaff på 1.forsøket me hadde, med medisinar og alt endte det på en ca sum av 12 000 kr. Men den summen vil variere frå person til person, alt etter kor masse medisinar ein treng, om ein treng meir etter kontrollar som blir gjort undervegs eller ikkje. Og dersom forsøket ikkje blir positivt, så kan ein ende opp med fryseforsøk, då vil det også bli litt utgifter der. Langt i frå så mykje som ved ordinært forsøk, men et par tusen må ein vel rekne med.
Kan jo fortella litt om prosessen min om det kan væra av interesse[:)] hadde som sagt forsamtale i okt i fjor som endte med at eg fekk vita medisinoppstarts-datoar. Eg hadde altså mensen når eg var der, og fekk då lov til å starte i den syklusen eg nett hadde begynt med. Har pco light, ein mild versjon av pcos, som har gitt meg til tider litt ustabile syklusar, så satt veldig stor pris på at eg fekk starte då eg gjorde. Eller så hadde det kanskje ikkje blitt noko forsøk i fjor. Etter samtalen viste sjukepleiaren som var der korleis sprøytene skal settast. Litt godt å ha sett det, sjølv om eg grua meg veldig til dei skulle settast i magen. Det endte med at min kjære samboar satt dei, og han hadde ingen problem med det[8D]
På dag 20 i syklusen din startar ein med nasespray. Eg brukte Synarela og den gjekk eg på i 27 dagar før eg starta på sprøytene. Det vanligaste er vel rundt ein 3 veker, men sidan klinikken hadde litt stor pågong så gjekk eg ei veke lenger på sprayen. Sprøytene tok eg i 8 dagar og så hadde eg ein ultralydkontroll av egg-utviklinga. Den kontrollen viste mange egg, men små av størrelse. Så det blei bestemt at eg skulle komme inn på ny kontroll 2 dagar etter den 1.kontrollen. På den nye kontrollen blei det bestemt at eg kunne ta eggløsningssprøyte 2 dager etter, og dermed blei det uttak 4 dager etter det.
Uttaket synes eg gikk ganske greitt, det var litt ubehaglig og ømt, men det gikk. Eg trudde det skulle være verre. Sånn det foregikk for min del så kom med ned til sjukehuset kl.8 om morningen. Da leverte samboare spermprøven sin og så blei eg ført inn på eit venterom. Der tok eg 4 tabl., ein morfintablett, ein paracet og to kvalmedempande, kl. var 8.15 når eg tok dei. Et par min over 9 kom dei å henta oss, og me blei ført inn der som uttaket skulle skje. Då var eg ganske susen etter tablettane eg hadde tatt, så var nervøs men avslappa. Blei først vaska nedentil, og så sa ho som skulle gjere inngrepet at no ville eg føle et stikk på kvar side av skjeda. For min del føltes det meir ut som litt sviing enn stikk. Deretter starta sjølve uttaket. Det heile tok rundt 20 min. Så blei eg trilla inn på rommet mitt, og så blei det en halvtime 40 mins venting. Før me fekk reise heim så fekk me vita antallet egg og at prøven var bra.
Dagen etter ringte me inn til klinikken og fikk vita antal befrukta. Og dagen etter det igjen så var det ned igjen på sjukehuset og sette inn egg.
Når eg satt inn egg, så trur eg at eg fekk ein opplevelse få har fått, etter 15-20 min så fekk eg kjempevondt i livmorsområde. Eg trudde eg skulle omkomme av smerter. Heldigvis gav det seg etter 15-20 min. Men der og da var det grusomt. I ettertid så trur eg det kom av at det blei endel trykking og knepping på magen for å få bedre sikt med ultralydapparatet. Og merka jo ingenting meir resten av dagen, anna enn at eg var øm.
Etter du har satt inn egg blir det 2 spennende veker å vente, før du skal teste. Får du positiv test, så får du ein time til ultralyd i veke 7, for å sjå om det er et eller to foster og om det er hjerteaktivitet[:)]
Ellers vil eg nå berre sei at det er mange som reagerer på dei ulike medisinar ein tar, men eg hadde få eller ingen av dei. Så du kan være heldig å sleppe unna bivirkninger. Før prøverørsprosessen hadde eg jo x-antal pergotimekurer, og der også slapp eg unna bivirkninger, så kanskje eg ikkje er så ømfintleg.
Må ha masse lykke til når du får starte opp, er en utrulig spennande prosess!!