Har slitt med lite søvn her og, men no har det komt seg.
Med første mann lærte eg at det kan vera lurt å legge dei rundt 19.00/20.00. Han var svært uroleg p? kvelden, og på helsestasjonen sa dei berre at det ikkje var uvanleg. Då han var 3 mnd spurde svigerinna mi om eg hadde prøvde å legge han tidlegare, at han kanskje rett og slett var trøytt. Prøvde då å flytte leggetida frå 21 tida til ca 19.00, og jammen sovna han! Med ei to neste har eg lagt dei ca 19.00, og då har eg kledd på pysj, amma, sunge nattasang og lagt dei over i senga der dei har sovna av seg sjølv.
Med minstemann fekk me problem med at han vakna stadig oftare etter han vart lagt. Frå å sovne kl 19.00 og få mat ca 23 og kl 03 før han vakna kl 07, vakna han til slutt kvar time heile natta!!!!! Gjekk jo rundt i koma på dagtid. Innsåg at eg hadde vore for kjapp med å plukke han opp på natta når han laga lyd, og dermed avbrutt søvnen hans. Babyar har søvnperiodar med lettare søvn, der dei er nesten vakne, og til og med opnar augene, og då lagar dei ofte litt lyd. Vert dei forstyrra då vaknar dei heilt. Det er derfor mange opplever at ungane søv betre på eige rom, for då skal det litt meir lyd til før me "hønemødre" sprett opp og trøystar dei. For oss vart løysinga at eg flytta ut to netter, og far tok seg av minsten om natta. Klappa han på kinnet og tilbaud vatn på flaske, og ME på morgonkvisten. Etter 2 netter var det verste gjordt. Første natta var han vaken nesten kvar time, men berre ca 10 min kvar gong. Neste natt gjekk det 3 timar mellom kvar gong, og han var vaken kanskje 5 min kvar gong. 3 natta overtok eg, då sov han 4 timar i strekk, og vakna ikkje skikkeleg, berre klaga litt før han sovna att. Etter 1 veke vakna han berre 1 gong pr natt, og i natt sov han frå 19.00 -05.30! Vil berre understreke at det ikkje var snakk om å la han ligge å hylskrike åleine. Me var der heile tida, klappa han på kinnet og trøysta han, men me tok han ikkje opp, og han fekk ikkje pupp meir enn ein gong midt på natta i byrjinga, men han åt egentlig ikkje noko særleg, så etterkvart slutta eg med det og.
Nokre ungar finn søvnen sjølv, og andre må læra seg å sove. Jo trøyttare ungen vert, jo dårlegare søv dei, så eg trur på å legge dei litt tidleg. Ser at om eg ventar for lenge med å legge minsten fordi eg synes det er litt tidleg, jo vanskelegare er det å få han til å sove. Legg eg han når han akkurat byrjar å verte trøytt, sovnar han som oftast av seg sjølv utan å klage i det heile. Verkar berre som han nyt det.
Dette vart langt, men eg håpar det kan vera til nytte;)