lina kjem til verden.

britt 77

Glad i forumet
legger denne over her eg, er vel ikkje att so mange inne på termin forumet[8D]
 
Tirsdag 6\3 var er til kontroll hos jm og fekk modnings akupunktur. Veka førut hadde eg 2 cm opning, men litt av skjededelen var lang, men det var veldig mjukt og modent. Eg venta heile dagen på at noko skulle setje i gang, men nada!

Marcus hadde vore sjuk heile veka og litt før fire kom han inn til meg på rommet. Sambo var på nattevakt. Me målte tempen og den var nesten 40, IGJEN. Ned på kjøkkenet, knuse tabletter, jordbærsyltetøy, tryglint\truing, bestikking med sjokolade for å få det i guten, så la me oss å sove att. Fekk vont i magen akkurat da, litt sånn mageknip følelse. Gjekk ikkje over med det same og måtte ta ein tur på do. Så letta det og eg la meg att. Hadde så vidt kome meg opp i senga så byrja det igjen. FLOTT tenkte eg, så var det min tur til å få influensa\omgangssjuka!

Eg fekk ikkje sove så eg stod opp og gjekk ned i stova. Marcus hadde sovna att. Begynte å mistenke at dette kanskje var begynnelsen på noko då det var lik tidsintervall mellom knipa. Ringte til sambo kl.5 og bad han kome heim. Svigermor blei vekka og kom ned for å sjå etter Marcus. Me drog på fødestova her i kommunen for å sjekke om det var fødselen som var i gang eller om det berre var maserier. Det var ca 15 min mellom riene da. Klokka sju kom vi på sjukehuset og halv åtte blei eg undersøkt. Skjededelen var borte og det var to til tre cm opning. Ho ville at me skulle reise til føden med ein gang, sidan me hadde ein og ein halv time forran oss i bil. Stakkars pappa'n var rimelig trøtt etter ei lang natt på jobb, men køyrde det han var kar for. Riene kom ganske tett nå, par minutters mellomrom, og det var ikkje behagelig å sitte!

Ca halv ti var vi inne på fødeavdelinga og blei sjekka- Det var ca 3-4 cm opning. Eg gjekk nesten rett i dusjen, og det var godt. Hadde hatt lyst til å vore i badekaret, men berre tanken på å sitte fekk meg til å rygge ut derfrå[:D] Så gjekk det nokre timar og halv tolv blei eg undersøkt på nytt. Da var det 5-6 cm opning og eg trur slimproppen gjekk...  Jm ville me skulle prøve litt lystgass, men det tykte eg var heilt pyton!!! Å ha den maska over fjeset funka ikkje for meg! Eg spurte om når eg evt. kunne få epidural, for no var riene ganske vonde blitt, og heile tida hadde dei vore med eit par minutters mellomrom. Dei var også doble ei stund og det var slitsamt. Så nå blei anestesi legen tilkalla og epidural sett. HEAVEN! Det var kjempedeileg. Endeleg kunne eg krype opp i senga og kvile meg litt. Etter å ha vandra rundt i to timar var eg ganske gåen i ryggen.

Så fulgte to gode timar der eg sms bekjente og slappa av. Sambo fekk også sove litt i ein stol å hente seg inn att. Godt for han at eg ikkje følte så enormt behov for han undervegs, slik at han kunne kvile seg. Men i to tida tykte eg at smerte lindringa var mindre og då dei undersøkte meg no hadde eg full opning og eg fekk påfyll av epidural, men no tykte eg ikkje det hjalp noko.

Så begynte trykketrangen og melde seg og prosessen med å få barnet ned siste bit av bekkenet starta. Dette var litt slitsomt, for dei kom så tett, og så var det denne evinnelige lyttinga mellom kvart tak[:)] Skjønnar jo at dei måtte lytte på bebisen, men det var irriterende. I kvart over tre halv fire tida begynte press riene. Eg hadde lyst til å sparke mot sengekanten, men det blei vist for langt ned i senga for at dei skulle få gjort jobben sin[:@] Så eg måtte ta til takke med at dei holdt beina mine, men det var ikkje heilt komfortabelt. PÅ slutten hadde eg trykka ein del utan at ho kom ut, var nok littegrann redd trur eg. Det gjorde jo VONDT! Var veldig redd for at viss eg berre gav jernet så kom eg til å sprikke til pisis! Men innsåg jo til slutt at ungen måtte jo berre ut!!![:D] Så på eit par gode trykk var ho ute og me var vorten foreldre til ei nydeleg lita BLÅ jente!! Ein liten smurf. Men ho fekk fin farge raskt og me kunne konstantere at ho var prikk lik broren sin, berre at ho var jente!

Den følelsen då ho kom ut kan ikkje beskrivast, og eg trur aldri eg har kjendt ei slik glede før!!!!!

Trass i at eg grua meg noko veldig, og var førebudd på noko verre enn døden, må eg seie at eg sit att med ei fantastisk fin og positiv kjensle, og eg skulle ikkje grua meg for å gått gjennom det ein gang til!
 
Back
Topp