@dnim
Forumet er livet
Ein av mine aller nærmaste har dei siste dagane opplevd å miste babyen sin. Vart oppdaga på ordinær UL i v 19 at babyen var død, og ho har i helga født den vesle babyen sin[:(][:(]
Når ho no har fortalt om dette inne på terminforumet sitt, blir ho mistrudd og beskyldt for å vere troll fordi ho skriv nynorsk og at historien liknar på Hauken sine mange tullehistoriar.
Eg fekk heilt vondt i magen når eg var inne og les tråden hennar tidlegare i kveld.
Eg prøvde å sende pm til ein del av dei som hadde skrive mindre fine ting i tråden i håp om at dei skulle slette innlegga sine, men det er visst ikkje muleg å bli trudd.
Det minnar meg på at me må vere 100% sikker på at det er troll før me slenger med leppa, for denne gangen tek dei feil.
No er tråden borte vekk, og eg håpar aldri nokon treng å oppleve dette igjen.