Kvalme i slutten av svangerskapet?

En tråd i 'Jordmødrene Grethe og Ragna' startet av , 9 Mar 2012.

Endre kallenavn | Kom i gang/Hjelp
  1. Guest

    Hei!
    Er det vaneleg å verte kvalm i siste del av svangerskapet?
    Har ca 2 veker igjen til termindato, og har dei siste dagane vore veldig kvalm. Har ikkje kasta opp, men etter måltid blir kvalmen verre og eg får av og til brekkningar.
    Har prøvd å ete små porsjonar, regelmessig, kutte ut div matvarer, drikk meir, men inga endring i kvalmen.
    Er i tillegg nokså slapp og blir ikkje utkvilt, sjølv dei gongane eg søv heile natta. Og OM eg blir utkvilt, så går det kun nokre timar etter eg står opp før eg er trøtt/sleta igjen (sjølv om eg då kun har ete en roleg frukost og sløva på sofaen). Har i dag begynt å få litt haudverk, ikkje noko mykje heldigvis, mest ein tung fornemmelse i haudet(rundt tinninga og litt framover).
    Verker øverst i magen, men akkurat det er nok pga ungen som er ein aktiv krabat og likar å krangle med magesekk og ribbebein.
    Eg har ikkje hatt noko form for svangerskapskvalme tidlegare. Er 2.gangsfødande. Og det er ikkje noko omgangsjuke e.l. liknande ute og går i området (dessuten minner det ikkje om omgangssjuka).
    Kva kan dette kome av? Er det berre "vanlege svangerskapsplager" eller teikn på noko anna? Alle prøver har vore heilt fine sålangt (det er 1veke sidan sist kontroll).
    Kan det vere teikn på at det blir fødsel snart? *håpar*
    Det er så utruleg travelt å gå slik...

    Neste kontroll hos jordmor er den 15.mars, så hadde vore kjekt å få litt svar og kanskje nokre råd.
     

Del denne siden