Kan sjå ut som om det kun var ein kjemisk graviditet på meg ja[:o] Blødde minimalt i natt og i dagtidlig, men det tok seg kjapt opp igjen då eg stod opp. Har og hatt milde menssmerter i heile dag. Men ikkje smerter sånn heile tida slik eg er vane med under menstruasjon. Men smertene tok seg og opp no nett for ca ein halvtime sidan. Sit med varmepute på magen min no og måtte ta den fram i gårkveld og for å få sove. Blør fortsatt ikkje masse, men trur nok det er over og ut for denne gong. Det trudde Hausken og då eg snakka med dei før i dag. Men dei ville at eg skulle gå å ta HCG-prøvar for å vera heilt sikker. Skal ta fyrste prøven i morgon og sannsynligvis ny prøve man. Er lov å håpa på eit mirakel, men eg er nok innstilt på at 3. ICSI heller ikkje vart vår store lykke[&o] Får satse på dei to egga me har på frys no då. Etter det veit eg ikkje om eg orkar fleire forsøk, sjølv om eg har sagt at me kanskje skal prøve eit til i Danmark til sommaren. Får sjå.

