Du bruker en utdatert nettleser. Det kan hende den ikke viser dette eller andre nettsteder riktig. Du bør oppgradere eller bruke et alternativ nettleser.
Fyrste gongen mista eg i juleferien så då var eg ikkje sjukemeld. (des 07) Men den gongen skjedde det og naturlig utan nokon form for kunstige hormonar inne i bildet. Andre gongen (no i febr) var eg kjemisk gravid. Altså kun festning ca ei vekes tid. Då var eg sjukemeld i ca 3 veker 100% pga var veldig dårlig i tillegg til den psykiske smerten. Hadde hatt spysjuka og var generelt slapp og dårleg lenge då. Ta den tida du treng til å komme deg ovenpå igjen for det er VELDIG tøft å miste når ein i tillegg har store problem med å bli gravid! Fyrst den store gleda over positiv test og så den store skuffelsen når ein mistar! Ta vare på deg sjølv og gjer ting som du likar å gjere! Ligg under eit pledd på sofaen og kos deg med noko godt å drikke/ete og sjå ein film f.eks. Neste gong må det gå bra!!! [:)]