Hei! Under min første fødsel for 3 år og 8 mnd sidan fikk eg ei stor rift (vart brukt vakum og tang) og vart sydd ganske stramt, først etter eit år var ubehag under sex borte. Under min andre fødsel for seks veker sidan var eg for trang og måtte klippast. Jordmora hadde tydelegvis ikkje orden i sysakene sine og stinga gikk opp igjen etter fødselen (kun eit som satt som det skulle), lite imponerande sying sa gynekologen. Men pga av infeksjonsfare var det ikkje anbefalt å sy på nytt (etter tre dagar), så eg vart sendt heim med ei glippe på 2cm!! Dette var sjølvsagt vondt og ubehageleg og mykje styr med grønnsåpebad for å unngå infeksjon... No etter seks veker er det fortsatt litt ømt i vevet rundt der eg vart klippa, eg er vid og det ser stygt og ekkelt ut! Eg veit eg kan få korrigert det seinare, men det kan gå lang tid før eg får gjort det. Gynekologen sa og at det er utruleg kva som kan gå seg til i løpet av dei første månadane... Men eg kan ikkje i min villaste fantasi forestille meg at dette skal bli bra! Gruer meg til å ta opp igjen sexlivet når det evt skulle bli aktuelt (kjennes som det blir ei stund til)...
Er det nokon som har liknande erfaringar? Gikk det seg noko lunde til? Har nokon hatt kirurgisk inngrep for å korrigere fødselskade?