Eg er veldig sikker på at babyen ligg med føttene og rompa nedover, hovudet opp og ryggen/kroppen på høgre side av magen. Kjenner spark nesten utelukkande ned mot blæra og "hufsa", ingenting opp i retning ribbeina. Litt smådulting på sida av magen (navlehøgde), sikkert hendene. Av og til ser det ut til at ungen tar sats og skikkelig strekker seg ut, då kjem hovudet ut som ein kjempehard kul på toppen av høgre side av magen. Babyen gjorde det sist eg blei undersøkt av jm, og ho lo og sa at her var det ingen tvil om at hovudet var opp. Det var så tydelig at ho kunne nesten måle omkretsen frå utsida, spøkte ho med.
Det er jo bra med tid til at babyen kan snu seg enno, men eg kjenner eg er littegranne urolig for dette, sidan h*n ikkje har snudd seg i det heile tatt siste mnd. Ser ut til at h*n trives med føttene og rompa ned. Tvilar på at jm bekymrar seg så tidleg, så eg får ta det rolig eg og. Det er vel først ved seteleie etter veke 36 at det blir snakk om vidare undersøkelser.