...berre sånn sidan dokker her inne veit ALT, så veit dokker sikkert dette og?
Kva kan det komme av at gamlepusen min på 13 år har begynt å hoste? Han pleier ikkje gjere det. Ikkje meir enn eit par host her og der ein sjeldan gong (då har eg tenkt at det har vore eitt eller anna som har irritert i halsen eller noko, og som han har fått vekk), men no har han gått og hosta litt sånn kvar dag i kanskje ei vekes tid (mulig lengre enn det og, men det er vel ei vekes tid sidan eg la merke til det).
Eg hadde håpt eg slapp å ta han med til dyrlegen fordi han er så grusomt redd i bur/bil, så eg håpte det skulle gå over av seg sjølv, men no tenker eg at han sikkert må undersøkast uansett.
Han er utepus, har vel ikkje fått ormekur sidan i vår (men har aldri vore noko særlig til jegar heller), han eter, drikker, vaskar seg, går ut og inn som vanleg, hoppar opp på fanget og vil ha kos og oppmerksomhet som vanleg. Han kjennes ikkje varmare ut enn han pleier. Er kanskje litt meir inne enn før, men det er jo normalt for han å vere meir inne når det blir kaldare ute. Han ser altså ut til å vere i god form, bortsett frå hosten.
Kva kan det så komme av? Fokjølelse? Burde ikkje det gått over? Lungebetennelse? Burde ikkje allmenntilstanden vore dårlegare og temperaturen høg?
Får nok ringe dyrlegen på mandag (med mindre han plutseleg blir verre i helga, sjølvsgt) og høyre kva dei seier, eg innser at eg kan langt mindre om sjukdom hos dyr enn hos ungar...