L
lykkeliten123
Guest
Eg og samboer har egentlig eit veldig bra forhold. Men no har beste kompissen hans flytta ganske nært. Eg trudde ikkje dette skulle bli eit problem. Men no ligg eg her i senga aleina, kan ikkje huska sist me la oss i lag.. Kompisen har berre budd her i 1 mnd, så det er ikkje lenger enn det. Når eg blir trøtt og skal legga meg, så skal han sjå film eller spela av kompissen.. Han er alltid heime om dagen(med mindre han er på jobb), da hjelper han til med gutten vår, matlaging, husvask osv.. Så han stiller jo alltid opp, er jo ein fantastisk mann. Men føler nesten eg har mista samboaren min, må jo alltid legge meg aleina.. Han jobbar ein del seinvakter og nattevakter, så han er ikkje av kompissen hver kveld.. Men syns kanskje han kan begrensa kopisen sin litt, slik at me får kvalitetstiden vår?Me kyssar jo om dagen og kosar, men blir ikkje mykje sex.. Men det er vel meir pga at han ikkje greier det.. Eg savnar å få snakka med han, me har alltid snakka leenge før me sovna. Da tek me opp ting viss det skal vera noko, men no får me ikkje den snakken.. Eg kan jo heller prøva å snakka med han i stova, når me ser på tv. Men det veit eg ikkje blir det samma, for da er han enten opptatt av pc'n eller tv'n. Så han får ikkje med seg alt. Burde eg ta dette opp med han, eller burde eg venta å sjå om det går over? Dei har jo ikkje vore med kverandre så mykje dei siste åra. Så det er sikkert kjekt å få tatt att litt av det tapte, og når han i tilleg bur så nært.. Eg kan jo berre sjå bort på dei om eg vil det, og han tek alltid med seg babycallen viss lillegutt skal vakne. Slik at jeg slipper å stå opp..
Veit likso ikkje heilt kva eg burde gjere.. Han stiller jo så mykje opp, og han passar på å ta kompissen når me ikkje skal gjera noko anna.. Vil ikkje vera den surette grinette dama så ikkje er glad nok for all den hjelpa eg får.. Skal i tillegg til legen i morgo. Blir første svangerskapskontroll, men hovud grunnen til legetimen er at eg har hatt blødningar dei siste dagane så gjer at eg blir redd.. Håpar eg kan få time til ul. Dette har eg ikkje fått fortalt til sambuaren min, så trur det er detta så gjer at eg blir ekstra lei meg for å legga meg aleina..