jimn sin dagbok

jimn

Elsker forumet
Tenkte å lage min lille dagbok her. Greit å sortere tanker ein plass[:)]
Litt kort om meg: Har 4 barn. Dei tre største på 13, 11 og 8 1/2 er frå første ekteskap. det var ei vanskelig tid som eg ikkje bruker tid på her. Vart aleine i 2000, då minste var 1 1/2 år. For tre år sidan møtte eg min kjære samboer. Han hadde ikkje barn frå før og det var eit høgt ønske frå han om eigne barn og. Så i juni i fjor kom Nikoline, heile familien si prinsesse[:D] Vakker og god, ein skatt for mamma,pappa og tre stolte søsken!
No er vi inne i vår 3 pp for å prøve på vår felles nr to[:)] Litt uvant å bruke "tid" på å lage bebis, det har liksom gått av seg sjølv. Men for all del, ser ikkje mørkt på det, har bra tid enno (om eg har blitt 36). Klager heller ikkje, det tar seg ikkje ut når ein ser her inne kor mange strever! Vi er heldige som har fire, og er evig takknemelig for dei.
Av og til lurer eg sjølvsagt på ka eg tenker med som vil ha fleire, for travelt er det allerede no[:)] En til er likevel eit stort ønske. Sambo ønsker det så klart, og eg ønsker at Nikoline skal få ha eit søsken med seg i kvardagen. Dei tre store er 14 dager her og 14 dager hos faren, det fungerer fint for både store og små.
Vel, vår 3 pp er i gang, el er vel om ca 1 veke. Spennande og når det tar litt tid[;)] Romantikken blomstrer!
Fredag reiser vi alle på ferie. Det blir deilig, greit og å koble ut tanken på at vimålagebebis heile tida[:)] Berre kose oss når vi vil....om vi får tid[:D][:D]
 
 
 
Takk for det[:)] 
 
Lykke til!!! [:)][:)][:)]
 
No nærmer ferien seg, og det skal bli så deilig med tur! Har el til helga så eg håper vi klarer å lure til oss litt kosing sjølv om vi bur hos andre og det er rimelig fult i huset[:D] Ja, ja det blir no litt ekstra spennande når helst ingen skal høyre oss hi-hi[:D] Tenker ikkje så mykje på å bli gravid denne mnd som dei to første vi prøvde, kanskje fordi vi skal på tur. Einaste kjedelige med å ha el på tur er at eg ikkje føler eg kan ta meg ei øl med god samvittighet[&:] Men ei kan vel ikkje skade....
ellers var det kjekt å begynne på jobb igjen. Grua meg litt til å begynne men no synest eg det er godt å komme i gjenge att. Litt oppdatering må til men kjem vel fort inn i det.
Nikoline har reist seg opp etter bordet tre ganger i dag, så ho kjem etter som dei fleste andre på hennas alder har gjort det ei stund. Så har ho begynt å "prate" så veldig heile tida[:)] Deilig alder!
Ellers tenker eg fortsatt ein del på korleis det skal bli å ha fem unger, det blir nok ganske travelt vil eg tru[&:][:)] Men vi vurderer ikkje å gje oss, vil ha ein til så er buketten komplett[;)]
Stikker nok innom etter ferien.
 
Då var vi komt igjen frå ferie[:)] Det gjekk faktisk over all forventning med frie unger på tur. Heldigvis, var ganske spent på om det vart berre kav. Lurte og på om vi klarte å lure til oss litt sengekos opp i alt, men det gjekk så fint atte[:)] Men kva hjalp det? Ingenting[:'(][:@] I dag fekk eg det vante forvarselet (litt spor av blod) som eg alltid får nokre dager før tr. I dag vart eg faktisk skuffa ei stund. Hadde ikkje akkurat noken god følelse denna mnd heller, men det irriterer meg at eg får dei små blødningane! Vil ha spenninga om ikkje anna!! Det er berre vår 3 pp så eg burde klappe igjen, men eg innstiller meg slik på å gå gravid igjen, og eg veit at det ikkje blir ein enkel jobb. Har stor bekkenplager og mykje kynnere og denne gangen vil jo og Nikoline vere så lita at kvile blir det nok verre med. Som eg har sagt før kan dokke jo lure på kvifor eg vil ha ein til når eg har fire frå før, men Kjartan har "berre" ein og så vil eg gjerne at Nikoline skal få ha søsken rundt seg heile tida. Ja, ja...det positiver er at eg får gjort ferdig rommet til Nikoline. Vil ikkje drive å male vist eg er gravid, så då blir det oppussing i staden[:)] Vi er ferdig med romma til dei tre store, så snart har alle fine rom[:)]
Har og tenkt tanken at kanskje ikkje kroppen er klar for eit nytt svangerskap enno. Det har tatt 3 pp før og det var når eldste jenta var vel året. Vart gravid når ho var 1 år og 3 mnd. Vi får berre sjå, det går vel, vist ikkje får vi kose oss med dei flotte ungane vi har[:)]
 
ORIGINAL: Becky87

Gratulerer med egen dagbok jimn.
Lykke til med bebilagingen[:)]

 
signerer[:)]
 
Back
Topp